15. juni 2016

Historisk vandring på Vikeland og Inner-Gåra

Det var godt oppmøte då Kvæfjord historielag arrangerte historisk vandring på Vikeland og Inner-Gåra i Kvæfjord.

Mari Wikeland fortel om gården
Knut E- Høiby viser ei innskrift frå 1890 på eit panelbord
Nesten 40 personar fikk høre Mari Wikeland og Knut Erik Høiby fortelje om gardsbruket sitt på Vikeland. Dei siste 20 åra har dei restaurert både hovudhus, stabbur og naust, og dei historiske vandrarane fikk ei grundig orientering både om historia til gardsbruket og fikk også sjå resultata av det nøysame restaureringsarbeidet. Hovudhuset er bygd rundt 1890, mens stabburet og naustet er av ukjent alder, men trulig mykje eldre. Dei to andre hovudbruka på Vikeland er frå omtrent same tidsrom, og saman dannar desse tre bruka eit fint gårdsmiljø.


Knut E. Høiby fortel om den møysommelige restaureringa av fembøringsnaustet.

Frå Vikelands-gården gjekk turen vidare til den gamle Vikelandsbrua, som er ei steinkvelvingsbru som stod ferdig i 1900.

Ingvald Stensen fortel om møller og stamper ved Vikelandselva
Vikelandselva har vore brukt til mølledrift og stamping, og Ingvald Stensen tok turfolket med til nedste delen av elva, og viste fram fire-fem konstruksjonar som vitna om aktiv bruk av Vikelandselva til maling av korn og stamping (bearbeiding) av tøy og skinn.

Kaffe i fjøsen til Ingvald og Helga A. Stensen
Den historiske turen blei avslutta i fjøsen til Ingvald og Helga A. Stensen der det blei servert kaffe. kaker og gode historiske fortellingar. Ein av dei som bidrog var Ole Martin Kristiansen som er fødd og oppvaksen ved Vikelandselva.

Ole Martin Kristiansen fortel om Vikelandselva og området rundt.

2. juni 2016

15. juni: Lokalhistorisk vandring på Vikeland

Kvæfjord historielag sin årlige lokalhistoriske tur vil i år gå til Vikeland (og litt av Inner-Gåra). Oppmøte kl 1800.

Vikeland


Vikeland er ein gammal gård, og på gårdsbruka her finn vi særmerkte naust, fjøs, stabbur og bustadhus som vi skal sjå på. Vi skal også sjå på området rundt Vikelandselva med si spesielle bru og tidligare mølner.
 
Vikeland

Turområdet

Vi startar på gården hos Mari Wikeland og Knut Erik Høiby. Her vil vi sjå på bl.a. stabbur og naust. Vi skal gå gjennom Vikelands-gården og sjå på gårdsbruka. Vi vandrar over Vikelandselva og tar både brua og området rundt i augesyn.
Brua over Vikelandsevla
Turen blir avslutta på Inner-Gåra-sida av elva, på gården til Ingvald og Helga A. Stensen. Her vil det bli servert litt kaffe og kaker, rundt ein hyggelig prat.

Parkering


Det er mulig å parkere på oversida av vegen hos Mari Wikeland og Knut Erik Høiby, og hos Ingvald og Helga A. Stensen. Vi oppfordrar folk til å kjøre i lag, sia det er begrensa med parkeringsplassar (men plass nok til alle). Løypa vi skal gå er lett langsetter hovudvegen, men det kan hende at vi går heilt ned i fjæra også.

Vi gjer merksam på at turen går på eige ansvar. Turdeltakarane må kle seg etter vêret. Vi bereknar eit par timar på dette arrangementet.

Vel møtt!

2. juni: "Tingene forteller" på Krambua

Torsdag 2. juni arrangerte 4. klasse ved Borkenes skole "Tingene forteller" på Krambua. Skoleelevane viste gamle gjenstandar og fortalte også om desse til dei frammøtte.
Både ordførar og rådmann besøkte elevane på Krambua.

Det er 16. gong at Borkenes skole og Kvæfjord historielag samarbeider om dette arrangementet.