25. februar 2019

14. mars: SAMISK HISTORIE I KVÆFJORD - OPENT MØTE

Kvæfjord historielag inviterer til opent møte
TORSDAG 14. MARS KL. 1830

Stad: Rå videregående skole, Kantina, i Laskenvegen på Borkenes

Johan Borgos:  Samisk historie i Kvæfjord

Johan Borgos heldt foredrag om samisk historie i Gullesfjorden på eit møte 17. oktober 2018

På dette møtet vil Johan Borgos følgje den samiske busettinga i Kvæfjord, med vekt på dei ytre strøka, frå mellom¬alderen og fram til i dag. Han vil legge fram mykje ukjent historisk materiale. Det vil også vere høve til å stille spørsmål.

 Historikar Johan Borgos har gjennom ei årrekke vore engasjert til å skrive gards- og slekts¬historie for Øksnes, Andøy og Sortland kommunar, til saman 14 bind.

Alt i 1981 begynte Borgos å granske den samiske historia, og han skreiv også heftet "De er her ennå", om den sjøsamiske historia i Vesterålen.

Sommaren 2015 deltok han i kartlegginga av samiske kulturminne langs vegtraseen frå Sortland til Tjeldsundbrua, og han var forfattar av den kulturhistoriske oversikta i sluttrapporten. Arbeidet har ført til vidare studie av det samiske samfunnet vest for Tjeldsundet.

Borgos har skrive nærmare tretti artiklar i årbøker og tidsskrift om den samiske historia i regionen, og han har halde ei rekke foredrag om emnet. No arbeider han med eit bokprosjekt om ”Samar ved storhavet”, som handlar om samane vest for Tjeldsundet

Sal av kaffe og kaker (kr 50 – kontant & Vipps)
Arrangør: Kvæfjord historielag


20. februar 2019

ÅRSMØTE I KVÆFJORD HISTORIELAG


27 medlemmer møtte til årsmøtet 20.februar 2019 på Rå videregående skole. Det var vanlige årsmøtesaker, idéutveksling og trivelig prat.

Per Harald Pettersen ledet møtet ryddig gjennom årsmøtesakene. Årsmelding og regnskap ble lagt fram uten merknader. Det var gode tilbakemeldinger fra medlemmer om at arbeidsplanen fra forrige årsmøte var gjennomført.


Valgkomiteen hadde en utfordrende jobb etter at Magne, valgte å tre ut av styret etter 18 år i styret. Årsmøtet gav styret fullmakt til å supplere med et styremedlem, enten ett av varamedlemmene eller andre gode kandidater. Geir Hagen tok ikke gjenvalg, etter 10 år i styret. Historielaget står i en situasjon der to trofaste arbeidshester ikke lenger står i bresjen. Det blir litt utfordrende, men vi håper at både Magne og Geir bidrar med sin kompetanse til historielaget, og at andre medlemmer kommer sterkere på banen!

Magne Heide fikk blomster etter 18 år i styret
Styret for 2019 har ingen leder, men består per d.d. av Per Harald Pettersen, Arne Johan Johansen, Gunnhild Fochsen og Mari Wikeland. Varamedlemmer er Jan Meyer, Robert Nygård og Walter Olsen. 

Marie Markussen kom inn som nytt medlem i valgnemda og avløste Nils Jacob Vebostad. 

Styret la fram dette forslaget til arbeidsplan: 
møte med Borgos om samisk historie, 
historielagstur til Straumen, 
"Tingene forteller" på Krambua, 
arbeid med Krambua
årbok og kalender, 
adventsåpning på Krambua og 
stedsnavnprosjektet.

Medlemmene kom med innspill til arbeidsplanen både om bjørnejegere, samiske fangstsanlegg og offerplasser i tillegg til fotomøte. 
Jan Meyer fortalte om arbeidet med idrettshistoria

Jan Meyer, leder av Kvæfjord Idrettslag, fortalte om et omfattende  arbeid med å feire at idrettslaget fyller 100 år i 2019. Det blir både jubileumsskrift og jubileumsfest som vi gleder oss til.

Mari Wikeland (referent)


14. februar 2019

SAMISK MØTE 14. FEBRUAR ER UTSETT PGA DÅRLEG VER

Det annonserte møtet med Johan Borgos torsdag 14. februar må dessverre utsettast.
Årsaka er stengt fergesamband på Gullesfjorden i dag torsdag og usikre kjøreforhold elles med fare for ras.
Vi vil arrangere møtet seinare i februar eller i mars, og vi kjem tilbake med dato etterkvart.


3. februar 2019

20. FEBRUAR: ÅRSMØTE


Innkalling til årsmøte i Kvæfjord Historielag
Møtetid:        onsdag 20. februar kl. 19.00
Møtestad:      Rå vg skole, Kantina, Laskenvegen
Sakliste:
1. Konstituering av møtet. Val av møteleiar og referent.
2. Årsmelding for 2018
3. Rekneskap for 2018
4. Val, etter innstilling frå valkomiteen på årsmøtet.
På val (i parentes dei som er på val i år)
- to styremedlemmar, for 2 år (Geir Hagen, Mari Wikeland)
- tre varamedlemmar til styret, for 1 år (Jan Meyer, Robert Nygård, Walter Olsen)
- ein medlem i valnemnda, for 3 år (Nils Jacob Vebostad)
Valkomitéen vil leggje fram forslag på årsmøtet.
Desse er ikkje på val i år:
- tre styremedlemmar, for 1 år (Per Harald Pettersen , Magne Heide,  Arne-Johan Johansen)
Magne Heide har uttrykt ønske om å fråtre frå styrevervet.
- ein revisorar, for 1 år (Sigrid Torgersen)
- to medlemmar i valnemnda: Hårek Wikeland ( 2 år), Anne Vik (1 år)
5. Arbeidsplan for 2019.
Styret vil legge fram forslag, men vi oppfordrar medlemmane til å komme med forslag, særleg til aktuelle møte-tema og historielags-tur.

6. Innmeldte saker
Frist for å melde inn saker til årsmøtet: 10. februar

Etter årsmøtet, temainnslag:
Kvæfjord IL 100 år v/ Jan Meyer
      
Enkel servering. Vel møtt !

MEDLEMSKONTINGENT 2019:
Kr 100 for hovudmedlem
Kr 50 for tilleggsmedlemmar /  øvrige familiemedlemmar
Kontingent kan betalast til konto 4780.63.51306
ELLER til vår Vippskonto #140210.
Hugs å merke innbetalinga med NAMN og ”Kontingent 2019”.

Med helsing
styret i Kvæfjord historielag

_____________________
For Kvæfjord Historielag Mari Wikeland






14. februar: SAMISK HISTORIE I KVÆFJORD - OPENT MØTE

Kvæfjord historielag inviterer til opent møte
TORSDAG 14. FEBRUAR KL. 1900
(Dørene blir opna kl. 1830)
Stad: Ungdomshuset Fram, Borkenes 


Johan Borgos:  Samisk historie i Kvæfjord


21. november 2018

"Årbok for Kvæfjord 2018" og "Kvæfjord - Historisk kalender 2019" til sals

Årbok 2018 og Kalender 2019 blei presentert på det årlige årboks- og kalendermøtet til historielaget onsdag 21. november.

Det var rundt 30 medlemmar som hadde møtt opp på historielaget sitt årlige "slepp" for å få med seg presentasjonane av "Årbok for Kvæfjord 2018" og "Kvæfjord - Historisk kalender 2019".


Ivrig samtale rundt årets Årbok og Kalender

Årboka for Kvæfjord 2018 ser slik ut på framsida:



Sidetalet er i år på 68 velfylte sider. Her er 25 kortare og lengre artiklar saman med 130 bilde og andre illustrasjonar. Årboka har også gjennomgåande fargetrykk, over 80 av bilda og illustrasjonane er i farger. Innhaldslista ser du her:




Prisen for Årbok 2018 er kr 175.

Kvæfjord - Historisk kalender 2019 inneheld 25 bilde og ser slik ut på framsida:

Prisen for Kalender 2019 er kr 100 ved direkte kjøp frå historielaget, elles kr 120.

Evt porto kjem i tillegg til desse prisane.

Årboka og kalenderen er til sals frå Kvæfjord historielag:
*  Du kan kjøpte direkte frå Kvæfjord historielag, 
     ** tlf  97088957 (Magne Heide), 
     ** tlf  90600357 (Arne-Johan Johansen),
     ** tlf  90849328 (Geir Hagen), eller 
     ** e-post: kvhist@gmail.com

Fredag 23. november sel vi årbok og kalender frå Coop Extra Borkenes.

Laurdag 24. november er årbøker og kalendrar i sal  i Krambua på Borkenes. Krambua er open kvar laurdag fram til 15. desember kl 11-14 .

I løpet av måndag 26. november er årbok og kalender til sals her:
* Fergekafeen (Flesnes-Refsnes)
* Viltkroa, Langvassbukta
* Joker, Borkenes 
* Bokhandlane i Harstad

Historielaget minner også om at vi har til sals:
* Kort etter maleri av Petter Fredriksen
* Julekort etter maleri av Petter Fredriksen
* Historiske bildekort frå Borkenes
* Hefte om Kveøy-utgravingane
* Tidligare årbøker (enkeltvis og pakketilbod)
* Tidligare kalendrar (enkeltvis og pakketilbod)
Alt dette kan kjøpast på Krambua laurdagar i adventa

15. november 2018

21. NOVEMBER: PRESENTASJON AV ”ÅRBOK FOR KVÆFJORD 2018” OG ”KALENDER 2019”

Tid: Onsdag 21. november 2018 kl. 1900.
Stad: Rå videregående skoles kantine i Laskenvegen (hovudbygget)

Vi inviterer med dette til den årlige presentasjonen og salet av ÅRBOK FOR KVÆFJORD 2018 (kr 175). Redaktørar for denne 32. årgangen har vore Arne-Johan Johansen og Gerd Salen.

På møtet vil det også bli presentasjon og sal av den 13. utgåva av kalenderen vår: KVÆFJORD - HISTORISK KALENDER 2019 (kr 100) Redaksjon: Geir Hagen, Magne Heide, Per H. Pettersen, Mari Wikeland. 

Du kan betale kontant (helst nøyaktig beløp) eller med Vipps (ta med mobil).


Det vil bli servering og ein liten kaffespleis m/kake (kr 30) på møtet!

Vel møtt !



ÅPEN KRAMBU


Krambua på Borkenes vil vere open kl. 11-15
Laurdag 24. november
Laurdag 1. desember
Laurdag 8. desember
Laurdag 15. desember

Alle desse laurdagane er det:
  • Sal av årbøker og kalendrar. 
  • Sal av Kveøy-hefte (sjå t.v.) og bildekort med motiv av Petter Fredriksen. 
  • Samletilbod på tidligare årbøker og kalendrar. Gamle Kvæfjord-bilda på veggane. 
  • Servering av kaffe og litt julegodt. 


SALSHJELP 


Vi treng litt hjelp frå medlemmane til sal av årbøker og kalendrar på Coop Extra fredag 23. november, ca 1-2 timar kvar.