16. april 2015

28. april: Åpent møte om evakuerte til Kvæfjord

Kvæfjord historielag inviterer alle interesserte til

ÅPENT MØTE
Evakuerte frå Nord-Troms og Finnmark til Kvæfjord
RÅ VIDEREGÅENDE SKOLE
Kantina, Laskenvegen
TIRSDAG 28. APRIL 2015 KL. 1900

Brenninga av Kirkenes (Foto: no.wikipedia)

Hausten 1944 blei dei tyske styrkene tvunge på retrett frå Finland og Nordvest-Russland  (Lista-fronten), og tyskarane trekte seg tilbake til Lyngen. I oktober 1944 sette tyskarane i gang ei tvangsevakuering frå Finnmark og Nord-Troms, samtidig som dei starta ei massiv nedbrenning av hus, kaier og båtar. Nesten 50.000 personar blei tvangsevakuert, dei fleste med båtar. Dei evakuerte hamna på kysten frå Troms til Møre, og nokon hamna i Trøndelag eller på Østlandet.

Kvæfjord tok imot fleire hundre tvangsevakuerte. Det var mange som fikk ein familie nordfrå inn i husa sine, ja, dei måtte til og med ta i bruk tomme hus, som for eksempel bedehuset på Kveøya (bilde under) som naudheim.
Kveøy bedehus (Foto: M.Heide, 2002)

På det opne møtet vil det bli ein introduksjon ved Arne-Johan Johansen. Vi har også ein avtale med nokon som vil fortelje om sine opplevingar.

Vi oppmodar også publikum til å fortelje om sine minne eller historier som er fortalt om dei evakuerte. Vi tar også mot bilde for framvising på møtet.

ENKEL SERVERING (Ta med kaffepengar!)

Med helsing styret i Kvæfjord historielag


Magne Heide (sign), leiar

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Skriv gjerne ein kommentar under fullt namn som vi vil vurdere for publisering.