15. juni 2016

Historisk vandring på Vikeland og Inner-Gåra

Det var godt oppmøte då Kvæfjord historielag arrangerte historisk vandring på Vikeland og Inner-Gåra i Kvæfjord.

Mari Wikeland fortel om gården
Knut E- Høiby viser ei innskrift frå 1890 på eit panelbord
Nesten 40 personar fikk høre Mari Wikeland og Knut Erik Høiby fortelje om gardsbruket sitt på Vikeland. Dei siste 20 åra har dei restaurert både hovudhus, stabbur og naust, og dei historiske vandrarane fikk ei grundig orientering både om historia til gardsbruket og fikk også sjå resultata av det nøysame restaureringsarbeidet. Hovudhuset er bygd rundt 1890, mens stabburet og naustet er av ukjent alder, men trulig mykje eldre. Dei to andre hovudbruka på Vikeland er frå omtrent same tidsrom, og saman dannar desse tre bruka eit fint gårdsmiljø.


Knut E. Høiby fortel om den møysommelige restaureringa av fembøringsnaustet.

Frå Vikelands-gården gjekk turen vidare til den gamle Vikelandsbrua, som er ei steinkvelvingsbru som stod ferdig i 1900.

Ingvald Stensen fortel om møller og stamper ved Vikelandselva
Vikelandselva har vore brukt til mølledrift og stamping, og Ingvald Stensen tok turfolket med til nedste delen av elva, og viste fram fire-fem konstruksjonar som vitna om aktiv bruk av Vikelandselva til maling av korn og stamping (bearbeiding) av tøy og skinn.

Kaffe i fjøsen til Ingvald og Helga A. Stensen
Den historiske turen blei avslutta i fjøsen til Ingvald og Helga A. Stensen der det blei servert kaffe. kaker og gode historiske fortellingar. Ein av dei som bidrog var Ole Martin Kristiansen som er fødd og oppvaksen ved Vikelandselva.

Ole Martin Kristiansen fortel om Vikelandselva og området rundt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Skriv gjerne ein kommentar under fullt namn som vi vil vurdere for publisering.