25. februar 2019

14. mars: SAMISK HISTORIE I KVÆFJORD - OPENT MØTE

Kvæfjord historielag inviterer til opent møte
TORSDAG 14. MARS KL. 1830

Stad: Rå videregående skole, Kantina, i Laskenvegen på Borkenes

Johan Borgos:  Samisk historie i Kvæfjord

Johan Borgos heldt foredrag om samisk historie i Gullesfjorden på eit møte 17. oktober 2018

På dette møtet vil Johan Borgos følgje den samiske busettinga i Kvæfjord, med vekt på dei ytre strøka, frå mellom¬alderen og fram til i dag. Han vil legge fram mykje ukjent historisk materiale. Det vil også vere høve til å stille spørsmål.

 Historikar Johan Borgos har gjennom ei årrekke vore engasjert til å skrive gards- og slekts¬historie for Øksnes, Andøy og Sortland kommunar, til saman 14 bind.

Alt i 1981 begynte Borgos å granske den samiske historia, og han skreiv også heftet "De er her ennå", om den sjøsamiske historia i Vesterålen.

Sommaren 2015 deltok han i kartlegginga av samiske kulturminne langs vegtraseen frå Sortland til Tjeldsundbrua, og han var forfattar av den kulturhistoriske oversikta i sluttrapporten. Arbeidet har ført til vidare studie av det samiske samfunnet vest for Tjeldsundet.

Borgos har skrive nærmare tretti artiklar i årbøker og tidsskrift om den samiske historia i regionen, og han har halde ei rekke foredrag om emnet. No arbeider han med eit bokprosjekt om ”Samar ved storhavet”, som handlar om samane vest for Tjeldsundet

Sal av kaffe og kaker (kr 50 – kontant & Vipps)
Arrangør: Kvæfjord historielag


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Skriv gjerne ein kommentar under fullt namn som vi vil vurdere for publisering.