Årsmelding 2014 for Kvæfjord historielag
14. februar 2014 – 4. mars 2015
Innleiing
Kvæfjord historielag har no vore
gjennom vårt 28. år sia stiftinga. Laget har eit stort medlemstal. For femte
året ligg medlemstalet over 100, og det er aktive medlemmar som enten stiller
opp på arrangementa våre eller som bidrar til så vel årboka som kalenderen vår.
I 2014 var det 117 betalande medlemmar (2013: 97, 2012: 117). Av medlemmane var
33 familiemedlemmar og 3 æresmedlemmar. Ein av æresmedlemmane våre, John
Fagerli, gikk bort i meldingsåret. Vi fikk 5 nyinnmeldingar i 2014.
Økonomien i laget er god.
Laget har gitt ut årbok og kalender, og det har vore gjennomført ei rekke
arrangement, turar og aktivitetar i meldingsåret.
Årsmøte 2014
Årsmøtet blei halde på Rå videregående skole torsdag 14. februar 2014. Magne Heide blei gjenvalt som leiar for 2 år, fram til
2016. Svein-Otto Presthus og Geir Hagen blei også gjenvalt som styremedlemmar
for 2 år. Styremedlemmane Lillian Hessen og Arne-Johan Johansen var ikkje på
val. Til varamedlemmar for eitt år blei valt Asle Berntsen, Elin Dahl og Robert
Nygård.
Reinhard Johansen gikk av som revisor, og Sigrid Torgersen blei valt
som ny revisor (2 år). Frå før sit Jakob Vaskinn som revisor (1 år). Valnemnda
får ein ny medlem kvart tredje år, og etter årsmøtet har ho desse medlemmane:
Bjørg Pettersen (gjenval, 3 år), Arnfinn Strand (2 år), Asbjørn Hessen (1 år).

Årsmøtet blei avslutta med at Frode Bygdnes kåserte om Harstad Oppland
Rutebils historie. Jan Meyer fortalte også om planar om ein utvandrar-tur til
USA.
Lokalhistorisk fotomøte på
Borkenes
Tysdag 18. mars inviterte
historielaget til lokalhistorisk fotokveld på Rå videregående skole. Det møtte
fram rundt 25 medlemmar, og det blei vist og kommentert mange bilde frå området
Vikeland – Trastad. Bilda blei presentert på storskjerm, noko som gav
høve til å diskutere og fortelje om dei ulike motiva. Fotogruppa stod for
skanning og vising under møtet, og fleire av bilda er og vil bli brukt i
kalender og årbok. Det var også god servering på møtet.
Markering av grunnlovsjubileet
Tysdag 29. april arrangerte
historielaget eit opent møte om grunnlovsjubileet. Narve Fulsås, professor ved
Universitetet i Tromsø, heldt eit lengre foredrag der han drog linjene både ut
i Europa, og til tida like før 1814 og også linjer opp til dagens grunnlov. Det
var rundt 40 tilhørarar som fikk ei grundig innføring i ulike sider ved
grunnlovsarbeidet. Ordførar Torbjørn Larsen helste også møtelyden frå Kvæfjord
kommune.
”Tingene forteller” på Krambua
Borkenes skole brukte som før Krambua til prosjektet ”Tingene
forteller” i mai. Elevane viste fram gamle gjenstandar og fortalte historia til desse. Det var
også opent for besøkande. Ansvarlig for prosjektet var Gerd Salen. Resultata frå prosjektet kan ein
lese om i Årboka 2014 der ti elevar har skrive sine historier om ulike
gjenstandar.
Historielagstur til Gåra
Laurdag 14. juni arrangerte
historielaget sin årlige tur. Denne gongen var oppstart inst på Strand, og
deretter vandra dei nesten 20 deltakarane langs den gamle gårdsvegen innover
Ytter-Gåra før følgjet endte i Inner-Gåra. Det var fleire stopp undervegs, og
historielaget er glad for den gode velkomsten vi fikk hos alle dei som opna
gårdane sine for besøk. I det litt kalde vêret var det ekstra hyggelig å
avslutte turen hos Bjørn og Gjertrud Welde, som serverte kaffi og kaker til det
historiske følgjet. Jermund Johansen fortalte turfølgjet mykje om historia i
Ytter-Gåra.
Aktivitetar og arbeid i Krambua
Uteområdet rundt Krambua har vore stelt og slått i løpet av sommaren,
og vi har kjøpt inn ny grasklippar. Vi har også malt krambutrappa. Innvendig
har det ikkje vore gjort noko spesielt i år.
Krambua var open under "Tingene forteller" i mai.
I
adventstida var Krambua open tre laurdagar, 29. november, 6. og 13. desember. Det blei selt
årbøker, kalendrar, småskrifter og kaffe. Her har styret og andre stilt
velvillig opp. Dei tre laurdagane i adventa har skapt ei heilt spesiell
stemning i og rundt Krambua.
Det kjem stadig inn ein del gjenstandar som vi takkar ja til, og vi
arbeider med å få eit betre oversyn over alle gjenstandane våre.
Årbok og
kalender
Årbok nr 28 heldt normalt sidetal på 64 sider. Nytt
av året var at det var gjennomgåande fargesider, tidligare har vi berre hatt
åtte ekstra fargesider i tillegg til omslaget. Dette gjorde at trykkeutgiftene
gikk litt opp.
Onsdag 26. november var det presentasjon av årbok og kalender i kantina
på Rå videregående skole. Arne-Johan Johansen og Gerd Salen presenterte årboka
for dei rundt 40 frammøtte. Det er mange som har komme med bidrag til årboka.
12-13 personar og 10 elevar har bidratt med artiklar, og i tillegg har det vore
rundt 25 informantar til dei ulike artiklane. Rundt 25 personar har levert til
saman 119 foto og illustrasjonar til årboka.
På møtet i november presenterte også Geir Hagen historielaget sin niande
historiske kalender. Geir Hagen, Magne Heide, Per Harald Pettersen og
Svein-Otto Presthus har vore kalenderkomité og fotogruppe. Det er brukt 22
bilde i kalenderen, dei er levert av 13 personar, og i tillegg har fleire ikkje
namngitte personar bidratt med opplysningar om bilda.
Alt i alt er det rundt 80-90 hundre personar som på ulike vis har bidratt til
historielaget sine publikasjonar.

Samarbeid med andre lag og
foreiningar
Kvæfjord historielag er medlem i Landslaget for
lokalhistorie (LLH) og Troms historielag. Vi mottar jamlig skriv og informasjon
frå LLH, og på dette viset får vi mykje nyttig informasjon til
historielagsarbeidet. Vi var påmeldt med ein deltakar på årsmøtet i Troms
historielag i mars 2014, men dessverre måtte vi melde avbod i siste liten.
Kvæfjord historielag har også blitt invitert til møte i samband med
kjerkejubileet i 2017, og Svein-Otto Presthus har møtt her og gitt
jubileumskomitéen informasjon om det som er skrive om kjerka til nå i ulike
publikasjonar, og gitt tilbakemeldingar til styret i historielaget.
Kvæfjord historielag er også
medlem i Kvæfjord Frivilligsentral.
Styret i Kvæfjord historielag
Geir Hagen
sign.
|
Magne Leon Heide
sign.
|
Lillian Hessen
sign.
|
Arne-Johan Johansen
sign.
|
Svein-Otto Presthus
sign.
|
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Skriv gjerne ein kommentar under fullt namn som vi vil vurdere for publisering.