Kvæfjord historielag heldt årsmøte onsdag 4. mars med godt
over 30 frammøtte medlemmar.
Årsmelding og rekneskap
Årsmelding og rekneskap for 2014 blei lagt fram og godkjent. Historielaget har 117 medlemmar og ein stabil økonomi.
Val, styre
Etter årsmøtet har historielaget dette styret: Magne Leon Heide,
leiar (ikkje på val), Svein-Otto Presthus (ikkje på val), Geir Hagen (ikkje på
val), Arne-Johan Johansen (gjenvalt), Mari Wikeland (ny).
Varamedlemmar til styret (for eitt år) er: Asle Berntsen, Helge
Størkersen og Robert Nygård.
Arbeidsplan 2015
På årsmøtet blei følgjande arbeidsplan for 2015 drøfta:
1) Arbeid
med Årbok 2015
2) Arbeid
med Kalender 2016
3) Arbeid
med Krambua
4) Mars: Fotomøte
5) April:
Temamøte om evakuerte i Kvæfjord
6) Juni:
”Tingene forteller”
7) Juni-august:
Historielagstur(ar)
8) August-september:
Presentasjon av hefte om Kveøy-utgravingane
9) November:
Årbok- og kalender-slepp
10) November-desember:
Krambu-opent og sal av årbøker, kalendrar
11) Februar 2016: Årsmøte
"Utværan i Andfjorden"
Årsmøtet
blei avslutta med eit kåseri av Svein Torgersen om "Utværan i
Andfjorden" .
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Skriv gjerne ein kommentar under fullt namn som vi vil vurdere for publisering.