4. juni 2015

9. juni: Lokalhistorisk tur til Mølnbekken ved Gåsvatnet

Kvæfjord historielag sin årlige lokalhistoriske tur vil i år gå til Mølnbekken. Denne bekken/elva renn frå Gåsvatnet og ned mot Vikelandselva. Frå gammalt har det vore fleire mølner i denne bekken/elva, og det er framleis synlige spor etter desse mølnene.
Mølner ved Mølnbekken


Parkering: Kjør RV83 opp Gårahøgda. Ta så av på traktorvegen ned mot trafokiosken like ved bakken opp til Gåsvatnet. Her er det parkering til ei handfull bilar, det er derfor nødvendig at ein kjører fleire saman. Alternativ parkering er ved riksveg 83 litt vest for nedkjøringa (dvs nærmare Gåra).
Mølnbekken renn ut ifrå Gåsvatnet
og ned i Vikelandselva

Vi startar ved trafokiosken og går til Mølnbekken og tar i augesyn restane etter mølnene her. Vi har med oss lokalkjente som vil vise oss området. Hårek Wikeland vil også fortelje litt om dette.

Vi avsluttar med kaffe og ein kakebit på hytta til Hedly Larsen.


Vi gjer merksam på at turen går på eige ansvar. Turdeltakarane må kle seg etter vêret.  Sjølve turen vil ikkje bli særleg lang i avstand, og vi bereknar eit par timar på dette arrangementet.  

Vel møtt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Skriv gjerne ein kommentar under fullt namn som vi vil vurdere for publisering.