9. juni 2015

Historisk mølletur

Kvæfjord historielag la sin årlige lokalhistoriske tur til Mølnbekken som renn ut frå Gåsvatnet og ned i Vikelandselva. Her er det framleis tydelige merke etter tre mølner som stod her, og som folk frå Tennvassåsen brukte når dei skulle male kornet sitt.
Murane etter mølnene er tydelig synlige.


Det er uvisst når mølnene blei etablert her, men gamle bilde frå rundt 1910 viser at dei stod her då. Kva tid mølnene var i bruk siste gongen er likevel uvisst. I dag ser ein berre restar etter murane slik bilda viser.

Den øvste delen av bekken har vore oppdemt for å skaffe nok vatn når ein skulle bruke mølnene. Det har vore tre mølner for å utnytte vasskrafta maksimalt når ein skulle male.

Det var godt over tjue deltakarar på denne historiske vandringa, og som bilda viser var det ivrig prat og utveksling av informasjon om kulturminna. Turen blei avslutta med bålkaffe og ferske kaker på hytta til Hedly Larsen (Vikeland), på kvæfjordsida av Gåsvatnet.
Hårek Wikeland fortel. I bakgrunnen mølnedammen.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Skriv gjerne ein kommentar under fullt namn som vi vil vurdere for publisering.