17. september 2015

"Nord-Norges eldste gård", nytt hefte om Kveøy-utgravingane

Den tidligaste dyrkinga på Kveøya kan ha skjedd i neolitikum (yngre steinalderen, 2500-2300 f.Kr.), men spora etter dette er usikre. Men sikkert er det at det har vore dyrking i eldre bronsealder (1260-1040 f.Kr.), og i yngre bronsealder er det klare indikasjonar på ein fullt utbygd gård. Dette gjer at utgravingane på Kveøya i Troms sannsynligvis har avdekt den eldste gardsbusettinga i Nord-Noreg.

Med dette som bakgrunn har Kvæfjord historielag gitt ut eit hefte med tittelen "Nord-Norges eldste gårdsbosetting: Arkeologiske utgravninger på Hunstadneset på Kveøya 2008-2009".  



Forord og forskingshistorie

Etter eit kort forord av leiaren i historielaget, har arkeolog Ingrid Sommerseth skrive om den forskingshistoriske bakgrunnen for utgravingane. Sommerseth var prosjektleiar for utgravingane i 2008-2009. Ho viser at det alt året etter at Tromsø museum blei etablert i 1873 var arkeologiar som undersøkte gravhaugar på hundstadneset. Det er også levert inn til saman 27 lausfunn frå området, og Sommerseth fortel særleg om glasperlene, ei steinperle, og ei skaftholøks, som alle er avbilda i heftet.


Hovudartikkel

Hovudartikkelen er skrive av nestleiaren for utgravingane, arkeolog Johan Arntzen. Han går kronologisk gjennom funna som er datert til steinalder, bronsealder og jernalder. Det gjeld spor etter bygningskonstruksjonar, dyrking, kokegroper og graver. Arntzen ser funna i eit norsk perspektiv og samanliknar med liknande funn andre stader i Noreg, både Sørvestlandet, Salten og Lofoten, og også med spor til utlandet.  Det er det store arealet (12 mål) i eit rikt jordbruksfelt, kombinert med maskinell flateavdekkings-metode som har gjort det mogeleg ¨påvise så vidt store busettings- og dyrkingsspor.


Illustrasjonar, ordforklaringar, bilde

Heftet er rikt illustrert med ei rekke figurar som viser ulike sider ved utgravingane. Her er også forklaringar til dei ulike arkeologiske begrepa. Heftet er også illustrert med bilde frå sjølve utgravingane.






Gode omtalar

Heftet har fått gode omtalar i avisene:

Vesterålen 19. september:

Harstad Tidende 21. september:



Kjøpe heftet

Kvæfjord historielag håper at flest mogeleg vil sjå det verdifulle historiske bidraget dette heftet er til den eldre bygdehistoria. 

Heftet kan tingast direkt frå historielaget. Kontakt Magne Heide (tlf 97088957) eller send oss ein e-post (magneheide@hotmail.com).
Heftet vil også vere i sal på Sør-Troms Historiske Senter (Sør-Troms museum)
Pris: kr 75 + porto.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Skriv gjerne ein kommentar under fullt namn som vi vil vurdere for publisering.