17. februar 2016

Årsmøte i Kvæfjord historielag 1. mars

Innkalling til årsmøte i Kvæfjord historielag
Møtetid:         tirsdag 1. mars  kl. 19.00
Møtestad:       Rå vg skole, kantina, Laskenvegen

Sakliste:
1. Konstituering av møte. Val av møteleiar og referent.
2. Årsmelding for 2015 (vedlagt, se nedanfor)
3. Rekneskap for 2015 .
4. Val, etter innstilling frå valkomiteen på årsmøtet.
På val (i parentes dei som er på val i år) 
- leiar, for 2 år (Magne Heide)
- to styremedlemmar, for 2 år (Geir Hagen, Svein-Otto Presthus)
- tre varamedlemmar til styret, for 1 år (Helge Størkersen, Asle Berntsen og Robert Nygård)
- ein revisorar, for 2 år (Sigrid Torgersen)
- ein medlem i valnemnda, for 3 år (Arnfinn Strand)
Valkomitéen vil leggje fram forslag på årsmøtet.
Desse er ikkje på val i år:
- to styremedlemmar, for 1 år) (Mari Wikeland, Arne-Johan Johansen)
- ein revisorar, for 1 år (Jakob Vaskinn)
- to medlemmar i valnemnd (Bjørn Welde, 2 år, Bjørg Pettersen, 1 år)
5. Arbeidsplan for 2016.
Styret vil legge fram forslag, men vi oppfordrar medlemmane til å komme med forslag, særlig til aktuelle møte-tema og historielags-tur.

Temainnslag:
      Gammal folketradisjon frå Kvæfjord
      v/ Edvard Ruud (lydopptak)

Enkel servering. Vel møtt !

Med helsing
styret i Kvæfjord historielag

_____________________
Magne Heide, leiar (sign.)





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Skriv gjerne ein kommentar under fullt namn som vi vil vurdere for publisering.