1. mars 2016

1. mars: Årsmøte 2016

Årsmøtet i Kvæfjord historielag blei avvikla tysdag 1. mars med rundt 25 medlemmar til stades.

Fyldig årsmelding og god økonomi


Den fyldige årsmeldinga som blei lagt fram viste at alle tiltaka som blei sett opp på førre årsmøtet var gjennomført. Medlemstalet er også høgare enn det har vore nokon gong, 121 personar er no medlemmar i historielaget.

Rekneskapen viser eit overskott i drifta, men etter avskrivingar på Krambua, er det eit lite underskott. Historielaget har ein god økonomi, og likviditeten er god. Både årsmelding og rekneskap blei godkjent utan merknader.

Nye og gamle i styret


Det var også val på årsmøtet, og etter årsmøtet har styret følgjande samansetting:
Leiar: Magne Heide (attval, 2 år). Styremedlemmar: Geir Hagen (attval, 2 år), Stein Gunnar Moksness (ny, 2 år), Mari Wikeland (ikkje på val, 1 år), Arne-Johan Johansen (ikkje på val, 1 år). Svein-Otto Presthus ønskte ikkje attval og gjekk ut av styret.
Styret i Kvæfjord historielag:
Bak f.v.: Arne-Johan, Geir, Mari og Stein Gunnar
Famføre: Magne


Varamedlemmar (1 år): Robert Nygård (attval), Helge Størkersen (attval), Viggo Elde (ny).
Revisorar: Sigrid Torgersen (attval, 2 år), Jakob Vaskinn (ikkje på val, 1 år)
Valnemnd: Nils Jacob Vebostad (3 år, ny), Bjørn Welde (2 år) og Bjørg Pettersen (1 år). Arnfinn Strand ønskte ikkje attval og gikk ut av valnemnda.


Arbeidsplan for 2016

Årsmøtet drøfta også ein arbeidsplan for 2016, og dette er saker som styret arbeider vidare med:


Heilårlige arbeidsoppgåver:
1) Arbeid med Årbok 2016
2) Arbeid med Kalender 2017
3) Arbeid med Krambua

Møte, o.l.:
4) APRIL: Fotomøte på Bremnes
5) MAI: Temamøte: Petter Fredriksens maleri (Fårebygget)
6) MAI-JUNI:  ”Tingene forteller” på Krambua
7) JUNI: Historielagstur frå Inner-Gåra til Vikeland
8) SEPTEMBER:  Møte i Gullesfjorden (Våtvoll)
9) NOVEMBER-DESEMBER:  Årbok- og kalender-slepp kombinert med 30-årsjubileum
10) NOVEMBER-DESEMBER: Krambu-opent og sal av årbøker og kalendrar
11) FEBRUAR 2017: Årsmøte

Gammal folketradisjon frå Kvæfjord, og takk


Etter at årsmøtesakene var over, var det tid for å høre på eit opptak frå eit møte i historielaget i desember 1989 der Edvard Ruud fortalte om gamle skikkar i Kvæfjord og song viser med tilhørsle til bygda. Møtelyden sette stor pris på dette.

Lillian Hessen takka til slutt for det gode møtet om evakuerte i fjor. Det hadde ført til at ho hadde fått kontakt med ein av dei som var evakuert til heimen deira på Finnseter.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Skriv gjerne ein kommentar under fullt namn som vi vil vurdere for publisering.