21. februar 2017

Årsmøte og 30-års-markering med æresmedlemskap til Gerd Berit Salen og Arne-Johan Johansen

Kvæfjord historielag heidra to av medlemmane sine med æresdiplom på årsmøtet sitt.  Det var rundt 60 av dei 130 medlemmane som hadde møtt opp for å markere 30 års arbeid med lokalhistorie i Kvæfjord. Dei frammøtte fikk høre Gerd Berit Salen og Arne-Johan Johansen fortelje frå dei første åra, og møtedeltakarane fikk sjå ein bildekavalkade frå ei vel 30-årig lagshistorie.

Arne-Johan Johansen fortel frå oppstarten av historielaget

Bildekavalkade frå 30 års historielagsarbeid
Gerd Berit Salen og Arne-Johan Johansen fikk æresdiplom for over 30 års arbeid i historielaget. Begge var med i det første styret som blei etablert i 1986. Salen har sete i styret i ei årrekke, og ho har i 14 år vore aktiv med å organisere «Tingene forteller» for elevar frå barneskolen på Krambua.
Johansen har vore leiar i 15 år og styremedlem i like mange år. Men ikkje minst så har begge to vore redaktørar for Årbok for Kvæfjord i 30 år. Det er frå før tildelt tre æresdiplom i historielaget
Æresmedlemskap og diplom til Gerd Berit Salen og Arne-Johan Johansen
Årsmeldinga viste at Kvæfjord historielag har vore gjennom eit svært aktivt år. Det har vore stappfulle møte både om andre verdskrig og om den lokale malaren Petter Fredriksen. I tillegg har laget arrangert historisk vandring og hatt open krambu. Laget sel fleire hundre årbøker og kalendrar kvart år, og dette skaffar laget eit lite overskott til drifta.

Styret blei gjenvalt på årsmøtet. Magne Heide er leiar, mens dei øvrige i styret er Geir Hagen, Stein Gunnar Moksness, Mari Wikeland og Arne-Johan Johansen. Styret har sett opp ein arbeidsplan for dette året som viser høg aktivitet framover. Laget skal blant anna gjennomføre ei stadnamn-innsamling som er finansiert av Språkrådet, og det er planlagt både medlemstur og fleire møte utover i året.

Dei første 30 åra til historielaget blei markert med ein middag for rundt 60 påmeldte medlemmar. Det var elevar og lærarar ved Restaurant og matfag på Rå videregående skole som stod for serveringa, og dei blei behørig takka etterpå.
Takk til elevar frå Restaurant og matfag ved Rå vgs
Under 30-årsmarkeringa fortalte Geir Hagen historia om kakeboksane frå Johan C. Fochsen. Dette kjem vi tilbake til med ein artikkel i Årbok for Kvæfjord.
Geir Hagen fortel om kakeboksane frå Johan C. Fochsen.



2. februar 2017

ÅRSMELDING 2016

Kvæfjord historielag har no vore gjennom vårt 30. år sia stiftinga. Laget har eit stort medlemstal. For sjuande året ligg medlemstalet over 100, og det er mange aktive medlemmar som enten stiller opp på arrangementa våre eller som bidrar til så vel årboka som kalenderen vår. 

Økonomien i laget er god.

Laget har gitt ut årbok og kalender, og kort med motiv av Petter Fredriksen. Det har òg vore gjennomført ei rekke arrangement, turar og aktivitetar i meldingsåret.

Her er årsmeldinga 2016:




21. FEBRUAR 2017: ÅRSMØTE OG 30-ÅRSMARKERING

ÅRSMØTE 21. FEBRUAR

Møtetid: tirsdag 21. februar  kl. 18.30
Møtestad: Rå vg skole, Restaurant og matfag (RM), restauranten
Sakliste og årsmelding er sendt ut. 
Haustmøte med presentasjon av årbok 2016 og kalender 2017
30-ÅRSMARKERING 21 FEBRUAR – PÅMELDINGSFRIST 14.2.
Kvæfjord historielag passerte 30 år hausten 2016, og vi vil markere dei første 30 åra med ein hyggelig samankomst for medlemmane i etterkant av årsmøtet.
Temainnslag: Kvæfjord historielag 30 år – tilbakeblikk
Det vil bli servert ein 3-retters middag på RM-bygget på Rå vgs. Kuvertprisen blir kr 200 + drikke.
Vi må ha bindande påmelding, med innbetaling av 200 kr/person seinast tirsdag 14. februar.
Innbetalingsblankett er sendt ut til medlemmane.
Flatbrødbaking på bygdetunet, 1987

MEDLEMSKONTINGENT 2017
Medlemskontingenten er: 
Kr 100 for hovudmedlem
Kr 50 for tilleggsmedlemmar /  øvrige familiemedlemmar. 
Kontingenten kan betalast til lagets konto eller på årsmøtet. 
Innbetalingsblankett er sendt ut til medlemmane.

Kvæfjord kjerke 150 år - bilda

Kjerka fyller år, og dette blir bl.a. markert med eit utvida nr av Menighetsbladet og stoff i Årboka 2017. Vi treng bildestoff frå medlemmane, av dåp, konfirmasjon, bryllup, gravferder, m.m. Send bilda til magneheide@hotmail.com eller kom med originalen, så skannar vi bilda på dagen. FRIST: 1. mars.

Kvæfjord kjerke