25. september 2017

FREDAG 29. SEPTEMBER: Open Krambu i Kvæfjorduka

Kvæfjord historielag held open Krambu under Kvæfjorduka. Fredag 29. september kan du stikke innom og gjere ein god handel, enten det gjeld eldre årbøker, kalendrar eller hefte. Vi har opent frå klokka 13 og utover dagen.

Krambua 17. mai 1947.
Fotograf: Jermund Johansen

Kvæfjord historielag har akkurat runda 30 år, og vi viser ein bildekavalkade frå dei første 30 åra i historielaget.
1988: Kvæfjord historielag med arrangement på bygdetunet

Vi tar imot bilda for skanning, så ta gjerne med eitt eller fleire bilda, så vil vi ordne resten.

4. september 2017

Vellykka fototreff for Gullesfjorden

Det var godt over tjue svært interesserte personar som hadde møtt fram til fototreffet som Kvæfjord historielag arrangerte i Langvassbukta.

Arne Johan Johansen opna med å gå gjennom eit bildemateriale som Steinar Kristiansen hadde overlate til historielaget. Dei fleste bilda var tatt rundt 1950-51 av Johan Kristiansen, og Arne Johan losa tilhørarane rundt Gullesfjorden. Samtidig fekk dei frammøtte også komme med tilleggsopplysningar om  dette verdifulle bildematerialet.
Arne Johan Johansen fortel om Johan Kristiansens bilde

Fleire av dei frammøte hadde tatt med seg bilde som blei skanna og vist til forsamlinga. Det kom også verdifulle opplysningar om desse bilda.
Bilde utlånt av Ivar Botn

Bilde utlånt av Nina Ellingsve

Bilde utlånt av Roald Gullholm