7. desember 2017

Årbok 2017 og Kalender 2018 til sals

 Årbok 2017 og Kalender 2018 blei presentert på det årlige årboks- og kalendermøtet til historielaget onsdag 22. november.

Årboka for Kvæfjord 2017 ser slik ut på framsida:



Sidetalet er i år på 68 sider. Her er nesten tretti artiklar saman med rundt 110 bilda og andre illustrasjonar. Årboka har også gjennomgåande fargetrykk. Innhaldslista ser du her:


Prisen for Årbok 2017 er kr 175.

Den historiske kalenderen for Kvæfjord for 2018 inneheld 26 bilde og ser slik ut på framsida:


Prisen for Kalender 2018 er kr 80 ved direkte kjøp frå historielaget, elles kr 90.

Evt porto kjem i tillegg til desse prisane.

Årboka og kalenderen er til sals:
* Direkte frå Kvæfjord historielag, tlf 97088957 (Magne Heide) eller e-post: magneheide@hotmail.com
* I Krambua på Borkenes kvar laurdag i adventa kl 11-14

I tillegg har vi også sal fleire andre stader:
* Fergekafeen (Flesnes-Refsnes)
* Viltkroa. Langvassbukta
* Mette-Maris Blomster og Gaver AS, Borkenes 
* Bokhandlane i Harstad 

19. november 2017

22. NOVEMBER: Presentasjon av "Årbok for Kvæfjord 2017" og "Kvæfjord-historisk kalender 2018"

PRESENTASJON AV ”ÅRBOK FOR KVÆFJORD 2017” OG ”KVÆFJORD - HISTORISK KALENDER 2018”
Tid: Onsdag 22. november 2017 kl. 1900.
Stad: Rå videregående skoles kantine i Laskenvegen (hovudbygget)

Vi inviterer med dette til den årlige presentasjonen og sal av ÅRBOK FOR KVÆFJORD 2017.
Redaktørar for denne 31. årgangen har vore Arne-Johan Johansen og Gerd Salen.

På møtet vil det også bli presentasjon og sal av den tolvte utgåva av kalenderen vår: KVÆFJORD - HISTORISK KALENDER 2018. Redaksjon: Geir Hagen, Magne Heide, Per H. Pettersen, Svein-Otto Presthus.

Det vil bli servering og ein liten kaffespleis m/kake (kr 30) på møtet!

Vel møtt !

Åpen krambu: 

Krambua på Borkenes vil vere open kl. 11-15 desse dagane:
laurdag 25. november,
laurdag 2. desember,
laurdag 9. desember og
laurdag 16. desember.
Alle desse laurdagane:
Sal av årbøker og kalendrar,
Kveøy-hefte,
Bildekort av Petter Fredriksen
Samletilbod på tidligare årbøker og kalendrar.
Gamle Kvæfjord-bilda på veggane.
Servering av kaffe og litt julegodt.


Salgshjelp: 

Vi treng litt hjelp frå medlemmane til sal av årbøker og kalendrar på butikkane på Borkenes fredag 24. november, 1-2 timar kvar.


1. november 2017

Tirsdag 7. november: OPPSTART STADNAMNPROSJEKT

Kvæfjord historielag har fått tilskott frå Språkrådet til å samle inn og registrere stadnamn i kommunen. Vi startar opp dette prosjektet med eit arbeidsmøte på Rå vgs, tysdag 7. november kl 1900.
Kartutsnitt: Lysvatnet
Stadnamnskilt ved Lysvatnet
   På dette møtet vil Eli Ellingsve (med aner til Bogen) vegleie i korleis dette registrerings-arbeidet reint praktisk skal gjennomførast. Eli har drive liknande prosjekt i Trøndelag, og ho er også faglig leiar for eit tilsvarande stadnamn-prosjekt i Gullesfjorden.
   Vi er spesielt interessert i at dei som kjenner til stadnamn i området Straumen/Straumsbotn – Bremnes og Kveøya kjem på møtet. Så viss du har med deg ei lita liste med stadnamn som du også veit uttalen på, kor dei ligg og kanskje har noen tilleggsopplysningar til, så er du hjertelig velkommen.
   Dette blir i hovudsak eit opplæringsmøte med praktisk informasjon for dei som er interessert i å vere med på eit slikt arbeid.
   Vi stiller med KAFFE og noko ATTÅT. 
   Vel møtt til ein hyggelig kveld!
   Du kan lese meir om tilskottsordninga for innsamling av stadnamn på  denne lenka.
Møteinnkalling




25. september 2017

FREDAG 29. SEPTEMBER: Open Krambu i Kvæfjorduka

Kvæfjord historielag held open Krambu under Kvæfjorduka. Fredag 29. september kan du stikke innom og gjere ein god handel, enten det gjeld eldre årbøker, kalendrar eller hefte. Vi har opent frå klokka 13 og utover dagen.

Krambua 17. mai 1947.
Fotograf: Jermund Johansen

Kvæfjord historielag har akkurat runda 30 år, og vi viser ein bildekavalkade frå dei første 30 åra i historielaget.
1988: Kvæfjord historielag med arrangement på bygdetunet

Vi tar imot bilda for skanning, så ta gjerne med eitt eller fleire bilda, så vil vi ordne resten.

4. september 2017

Vellykka fototreff for Gullesfjorden

Det var godt over tjue svært interesserte personar som hadde møtt fram til fototreffet som Kvæfjord historielag arrangerte i Langvassbukta.

Arne Johan Johansen opna med å gå gjennom eit bildemateriale som Steinar Kristiansen hadde overlate til historielaget. Dei fleste bilda var tatt rundt 1950-51 av Johan Kristiansen, og Arne Johan losa tilhørarane rundt Gullesfjorden. Samtidig fekk dei frammøtte også komme med tilleggsopplysningar om  dette verdifulle bildematerialet.
Arne Johan Johansen fortel om Johan Kristiansens bilde

Fleire av dei frammøte hadde tatt med seg bilde som blei skanna og vist til forsamlinga. Det kom også verdifulle opplysningar om desse bilda.
Bilde utlånt av Ivar Botn

Bilde utlånt av Nina Ellingsve

Bilde utlånt av Roald Gullholm

21. august 2017

MANDAG 4. SEPTEMBER: Fotomøte i Langvassbukta

Kvæfjord historielag inviterer alle interesserte til historisk fotokveld på Viltkroa i Langvassbukta, mandag 4. september kl. 1800-2030.

Historielaget har fått fleire titals bilda frå Steinar Kristiansen, fotografert av Johan Kristiansen rundt om i Gullesfjorden, i åra 1950-51. Vi er interessert i utfyllande opplysningar om desse bilda frå lokalkjente.

Vi oppfordrar også flest mulig til å ta med seg eldre bilda frå Gullesfjorden på dette fotomøtet. Historielaget stiller med scanner og framvisar.

Det vil bli servering av kaffe og rundstykker til ein rimelig penge.

Vi viser eit knippe av bilda her:

Våtvoll

Langvassbukta

Frå Bømarka

Skolebarn med bussen på Gullesfjord-ferga

Hesteskoing, Iver Botn og Steinar Eide

7. juni 2017

Butikken på Strand - 100 år etter starten

Det var rundt 30 medlemmar frå historielaget som møtte opp på Strand på ein solfylt ettermiddag for å sjå gammalbutikken der.

Arnfinn Strand fortalte den lydhøre forsamlinga om historia frå butikken starta i 1917 til den blei lagt ned rundt 1970. Det var også fleire av tilhørarane som også kunne fortelle om eigne handleturar hit, enten det var for å kjøpe karamellar (som butikkeigaren i si tid berre såvidt ville selje) eller bruspulver.

Arnfinn Strand fortel om butikken på Strand

Butikken står omtrent som då han blei stengt rundt 1970, og vareutvalet er som det var mot slutten.

Reklame for tobakk - ikkje tillatt i dag

Sirlig rekneskapsbok - heilt tilbake til starte


Tingene forteller

Det var godt oppmøte da 4. klasse ved Borkenes skole viste gjenstandar i samband med "Tingene forteller" i Krambua til historielaget på Borkenes.
Interesserte tilhørarar

Ein gammal grammofon fortel historie

1. juni 2017

7. JUNI: Lokalhistorie i to krambuer

Kvæfjord historielag inviterer alle medlemmar og interesserte til to krambu-arrangement:


Lokalhistorisk besøk i Krambua på Strand

Kvæfjord historielag sin årlige lokalhistoriske tur vil i år gå til Strand der vi skal besøke Krambua som har vore i drift frå tidlig til seint 1900-tal.


Arnfinn Strand vil ta imot oss og opne dørene til dette spesielle bygget som alle har sett når dei har kjørt forbi på veg innover eller utover bygda.

Det er oppmøte klokka 1830.   Parkering er på oversida vegen, på Arnfinn Strand sin eigedom, nedafor og ovafor fjøsen. Det er begrensa parkering, så kjør gjerne fleire saman.

Vi satsar på ein liten kaffekopp og kanskje ein kakebit. Dersom vêret tillèt det, tar vi dette ute; blir det dårlig vêr, blir det "ståande buffé" inne.  Det kan vere lurt å kle seg etter vêret.

"Tingene forteller" på Krambua på Borkenes

Som vanlig vil 4. klasse ved Borkenes skole vise sine historiske ting på Krambua til historielaget på Borkenes på formiddagen.  Stikk gjerne innom og sjå.

4. april 2017

Samisk historie i Kvæfjord

- Vi var ekspertar på å bygge gammer, men det gikk lenge før eg var klar over at dette var ein samisk tradisjon i Gullesfjorden. Dette kunne historikar Tore Einar Johansen, avdelingsleiar ved Trondenes Historiske Senter, fortelje til eit femtitals frammøtte på Kvæfjord historielag sitt møte om samisk historie.

Tore Einar Johansen fortel om samisk historiei Kvæfjord.


- Den samiske historia i Kvæfjord strekker seg tilbake til vikingtid og mellomalder, kunne Tore E Johansen vise. - Kvæfjord hadde på mange vis ei todelt busetting, ei norsk og ei samisk som levde side om side. Dette mønsteret blei ikkje brote før det kom ei kraftig innflytting sørfrå til Gullesfjorden. Først då kom dei inter-etniske ekteskapa, og utover 1800-talet blei dette vanligare.  Slik forsvann det samiske gradvis frå overflata.

Tore E. Johansen kunne òg gje eit innsyn i dei mange bjørnejegerane på Hinnøya med samisk opphav. Ein av dei mest berømte skaut rundt 100 bjørnar på 1800-talet, og han fekk premie for det.

Nina Johansen stilte i sin heimlaga samedrakt, og ho kunne fortelje om familiehistoria si frå Gullesfjorden. – Oldefaren min kom frå Jukkasjärvi, og i 1890 kjøpte han gården Gullholm. Han dreiv med rein her, men då han døde, fann ho oldemor ut at ho måtte slakte reinen og gå over til  sau og geithald.
Nina Johansen

-På kjøkkenet hang kommagan til tørk, men tantene mine blei stadig erta for dette, og derfor fikk mor mi støvlar å bruke, kunne Nina Johansen fortelje. - Oldemora mi gikk i kofte, og eg har sydd meg ei etter mønster frå Skånland. På møtet kunne ho vise fram både denne og kofta etter bestefaren som han blei konfirmert i. – Eg har også tatt opp tradisjonen med å lage belte, kommagband, kurvar av tæger og meir. Så eg har nok å fylle fritida med.

Dei rundt femti frammøtte fikk svar på mange spørsmål om lokal samisk historie, og det kom også fram fleire nye forteljingar, som Kvæfjord historielag lovte å arbeide vidare med.

Referent og foto: Magne Leon Heide

21. februar 2017

Årsmøte og 30-års-markering med æresmedlemskap til Gerd Berit Salen og Arne-Johan Johansen

Kvæfjord historielag heidra to av medlemmane sine med æresdiplom på årsmøtet sitt.  Det var rundt 60 av dei 130 medlemmane som hadde møtt opp for å markere 30 års arbeid med lokalhistorie i Kvæfjord. Dei frammøtte fikk høre Gerd Berit Salen og Arne-Johan Johansen fortelje frå dei første åra, og møtedeltakarane fikk sjå ein bildekavalkade frå ei vel 30-årig lagshistorie.

Arne-Johan Johansen fortel frå oppstarten av historielaget

Bildekavalkade frå 30 års historielagsarbeid
Gerd Berit Salen og Arne-Johan Johansen fikk æresdiplom for over 30 års arbeid i historielaget. Begge var med i det første styret som blei etablert i 1986. Salen har sete i styret i ei årrekke, og ho har i 14 år vore aktiv med å organisere «Tingene forteller» for elevar frå barneskolen på Krambua.
Johansen har vore leiar i 15 år og styremedlem i like mange år. Men ikkje minst så har begge to vore redaktørar for Årbok for Kvæfjord i 30 år. Det er frå før tildelt tre æresdiplom i historielaget
Æresmedlemskap og diplom til Gerd Berit Salen og Arne-Johan Johansen
Årsmeldinga viste at Kvæfjord historielag har vore gjennom eit svært aktivt år. Det har vore stappfulle møte både om andre verdskrig og om den lokale malaren Petter Fredriksen. I tillegg har laget arrangert historisk vandring og hatt open krambu. Laget sel fleire hundre årbøker og kalendrar kvart år, og dette skaffar laget eit lite overskott til drifta.

Styret blei gjenvalt på årsmøtet. Magne Heide er leiar, mens dei øvrige i styret er Geir Hagen, Stein Gunnar Moksness, Mari Wikeland og Arne-Johan Johansen. Styret har sett opp ein arbeidsplan for dette året som viser høg aktivitet framover. Laget skal blant anna gjennomføre ei stadnamn-innsamling som er finansiert av Språkrådet, og det er planlagt både medlemstur og fleire møte utover i året.

Dei første 30 åra til historielaget blei markert med ein middag for rundt 60 påmeldte medlemmar. Det var elevar og lærarar ved Restaurant og matfag på Rå videregående skole som stod for serveringa, og dei blei behørig takka etterpå.
Takk til elevar frå Restaurant og matfag ved Rå vgs
Under 30-årsmarkeringa fortalte Geir Hagen historia om kakeboksane frå Johan C. Fochsen. Dette kjem vi tilbake til med ein artikkel i Årbok for Kvæfjord.
Geir Hagen fortel om kakeboksane frå Johan C. Fochsen.



2. februar 2017

ÅRSMELDING 2016

Kvæfjord historielag har no vore gjennom vårt 30. år sia stiftinga. Laget har eit stort medlemstal. For sjuande året ligg medlemstalet over 100, og det er mange aktive medlemmar som enten stiller opp på arrangementa våre eller som bidrar til så vel årboka som kalenderen vår. 

Økonomien i laget er god.

Laget har gitt ut årbok og kalender, og kort med motiv av Petter Fredriksen. Det har òg vore gjennomført ei rekke arrangement, turar og aktivitetar i meldingsåret.

Her er årsmeldinga 2016:




21. FEBRUAR 2017: ÅRSMØTE OG 30-ÅRSMARKERING

ÅRSMØTE 21. FEBRUAR

Møtetid: tirsdag 21. februar  kl. 18.30
Møtestad: Rå vg skole, Restaurant og matfag (RM), restauranten
Sakliste og årsmelding er sendt ut. 
Haustmøte med presentasjon av årbok 2016 og kalender 2017
30-ÅRSMARKERING 21 FEBRUAR – PÅMELDINGSFRIST 14.2.
Kvæfjord historielag passerte 30 år hausten 2016, og vi vil markere dei første 30 åra med ein hyggelig samankomst for medlemmane i etterkant av årsmøtet.
Temainnslag: Kvæfjord historielag 30 år – tilbakeblikk
Det vil bli servert ein 3-retters middag på RM-bygget på Rå vgs. Kuvertprisen blir kr 200 + drikke.
Vi må ha bindande påmelding, med innbetaling av 200 kr/person seinast tirsdag 14. februar.
Innbetalingsblankett er sendt ut til medlemmane.
Flatbrødbaking på bygdetunet, 1987

MEDLEMSKONTINGENT 2017
Medlemskontingenten er: 
Kr 100 for hovudmedlem
Kr 50 for tilleggsmedlemmar /  øvrige familiemedlemmar. 
Kontingenten kan betalast til lagets konto eller på årsmøtet. 
Innbetalingsblankett er sendt ut til medlemmane.

Kvæfjord kjerke 150 år - bilda

Kjerka fyller år, og dette blir bl.a. markert med eit utvida nr av Menighetsbladet og stoff i Årboka 2017. Vi treng bildestoff frå medlemmane, av dåp, konfirmasjon, bryllup, gravferder, m.m. Send bilda til magneheide@hotmail.com eller kom med originalen, så skannar vi bilda på dagen. FRIST: 1. mars.

Kvæfjord kjerke