4. april 2017

Samisk historie i Kvæfjord

- Vi var ekspertar på å bygge gammer, men det gikk lenge før eg var klar over at dette var ein samisk tradisjon i Gullesfjorden. Dette kunne historikar Tore Einar Johansen, avdelingsleiar ved Trondenes Historiske Senter, fortelje til eit femtitals frammøtte på Kvæfjord historielag sitt møte om samisk historie.

Tore Einar Johansen fortel om samisk historiei Kvæfjord.


- Den samiske historia i Kvæfjord strekker seg tilbake til vikingtid og mellomalder, kunne Tore E Johansen vise. - Kvæfjord hadde på mange vis ei todelt busetting, ei norsk og ei samisk som levde side om side. Dette mønsteret blei ikkje brote før det kom ei kraftig innflytting sørfrå til Gullesfjorden. Først då kom dei inter-etniske ekteskapa, og utover 1800-talet blei dette vanligare.  Slik forsvann det samiske gradvis frå overflata.

Tore E. Johansen kunne òg gje eit innsyn i dei mange bjørnejegerane på Hinnøya med samisk opphav. Ein av dei mest berømte skaut rundt 100 bjørnar på 1800-talet, og han fekk premie for det.

Nina Johansen stilte i sin heimlaga samedrakt, og ho kunne fortelje om familiehistoria si frå Gullesfjorden. – Oldefaren min kom frå Jukkasjärvi, og i 1890 kjøpte han gården Gullholm. Han dreiv med rein her, men då han døde, fann ho oldemor ut at ho måtte slakte reinen og gå over til  sau og geithald.
Nina Johansen

-På kjøkkenet hang kommagan til tørk, men tantene mine blei stadig erta for dette, og derfor fikk mor mi støvlar å bruke, kunne Nina Johansen fortelje. - Oldemora mi gikk i kofte, og eg har sydd meg ei etter mønster frå Skånland. På møtet kunne ho vise fram både denne og kofta etter bestefaren som han blei konfirmert i. – Eg har også tatt opp tradisjonen med å lage belte, kommagband, kurvar av tæger og meir. Så eg har nok å fylle fritida med.

Dei rundt femti frammøtte fikk svar på mange spørsmål om lokal samisk historie, og det kom også fram fleire nye forteljingar, som Kvæfjord historielag lovte å arbeide vidare med.

Referent og foto: Magne Leon Heide