21. februar 2018

21. februar: Årsmøte i Kvæfjord historielag

Kvæfjord historielag avvikla årsmøtet sitt 21. februar, og det er valt nytt styre og lagt planar for det neste arbeidsåret. 

Årsmeldinga som blei lagt fram viser at historielaget har 124 betalande medlemmar, og laget har gjennomført ei rekke arrangement i året som gjekk. Den viktigaste hendinga var markeringa av 30-års-jubileet til laget og utnemning av to æresmedlemmar. Elles har laget hatt eit vellykka møte om samisk historie, barneskolen har brukt historielaget si krambu til "Tingene forteller", og det har vore lokalhistorisk vandring og fotomøte. I tillegg har årboka og kalenderen har komme ut med årgang 31 og 12. 

Magne Heide gjekk av som leiar etter 16 år, og i styret som blei valt sitt Arne-Johan Johansen, Per Harald Pettersen, Mari Wikeland, Geir Hagen og Magne Heide. Varamedlemmar er Robert Nygård, Jan Meyer og Walter Kaarbø Olsen. Styret har valt å ha ein flat struktur med Mari Wikeland som sekretær og Magne Heide som kasserar.

Årsmøtet la ei rekke planar for arbeidsåret, som styret har arbeidd vidare med. Arbeid med årbok og kalender er prioritert, og i tillegg har historielaget eit stadnamnprosjekt som skal sluttførast i år. Laget skal ha eit fotomøte i vår, og så står både "Tingene forteller" på krambua og ei lokalhistorisk sommarvandring for tur. Til hausten planlegg laget fleire opne møte, og så blir året avslutta med ei ny årbok og ein ny kalender.

 

2. februar 2018

21. februar: Årsmøte 2018

Årsmøte i Kvæfjord historielag blir halde  onsdag 21. februar kl. 19.00
Møtestad: Rå vg skole, Kantina, Laskenvegen

Sakliste:

1. Konstituering av møte. Val av møteleiar og referent.

2. Årsmelding for 2017 (sjå nettstaden her).

3. Rekneskap for 2017 (blir gjennomgått på årsmøtet).

4. Val, etter innstilling frå valkomiteen på årsmøtet.
På val (i parentes dei som er på val i år)

  • - leiar, for 2 år (Magne Heide)
  • - to styremedlemmar, for 2 år (Geir Hagen, Stein Gunnar Moksness)
  • - tre varamedlemmar til styret, for 1 år (Per Harald Pettersen, Robert Nygård, Helge Størkersen)
  • - ein revisorar, for 2 år (Sigrid Torgersen)
  • - ein medlem i valnemnda, for 3 år (Bjørn Welde)

Valkomitéen vil leggje fram forslag på årsmøtet.
Desse er ikkje på val i år:

  • - to styremedlemmar, for 1 år (Mari Wikeland, Arne-Johan Johansen)
  • - ein revisorar, for 1 år (Jakob Vaskinn)
  • - to medlemmar i valnemnd: (Anne Vik (2 år), Nils Jacob Vebostad (1 år)) 

5. Arbeidsplan for 2018.
Styret vil legge fram forslag, men vi oppfordrar medlemmane til å komme med forslag, særlig til aktuelle møte-tema og historielags-tur.

6. Innmeldte saker
Frist for å melde inn saker til årsmøtet: 7. februar

Temainnslag

Etter årsmøtet, temainnslag:
"Dynamitt-Oluf" (film), Introduksjon ved Geir Hagen

Enkel servering. Vel møtt !

Med helsing
styret i Kvæfjord historielag
Magne Heide, leiar