Kvæfjord
historielag avvikla den årlige fotokvelden sin på Rå videregående skole 26. mars. Rundt
20 tilhørarar hadde møtt fram, og det blei presentert og fortalt om eit
tjuetals bilde frå Kvæfjord. Vi brukte også tid til å sjå på tidligare
butikkar, handverkarar og anna arbeidsliv i Kvæfjord. Vi viser her eitt av
bilda til Mari Wikeland.
26. mars 2015
13. mars 2015
Lokalhistorisk fotokveld 26. mars 2015
Kvæfjord historielag inviterer alle
interesserte til
LOKALHISTORISK
FOTOKVELD
Arbeidsliv, næringsliv,
forretningsliv og folk
RÅ
VIDEREGÅENDE SKOLE
Kantina,
Laskenvegen
TORSDAG 26.
MARS 2015 KL. 1900
12. mars 2015
Årsmelding 2014
Årsmelding 2014 for Kvæfjord historielag
14. februar 2014 – 4. mars 2015
Innleiing
Kvæfjord historielag har no vore
gjennom vårt 28. år sia stiftinga. Laget har eit stort medlemstal. For femte
året ligg medlemstalet over 100, og det er aktive medlemmar som enten stiller
opp på arrangementa våre eller som bidrar til så vel årboka som kalenderen vår.
I 2014 var det 117 betalande medlemmar (2013: 97, 2012: 117). Av medlemmane var
33 familiemedlemmar og 3 æresmedlemmar. Ein av æresmedlemmane våre, John
Fagerli, gikk bort i meldingsåret. Vi fikk 5 nyinnmeldingar i 2014.
Økonomien i laget er god.
Laget har gitt ut årbok og kalender, og det har vore gjennomført ei rekke
arrangement, turar og aktivitetar i meldingsåret.
Bli medlem i Kvæfjord historielag
Kvæfjord historielag er ein medlemsorganisasjon. På desse
internett-sidene vil du finne opplysningar om aktiviteten vår. Dersom du ønsker
å bli medlem, kostar medlemsskapet i 2016 kr 100 (hovudmedlem) og kr 50 (for
kvart ekstra familiemedlem).
Medlemskontingenten kan du betale til konto nr 4780.63.51306
Oppgje namn, adresse og e-postadresse på innbetalinga.
Du kan også sende oss ei melding om innmeldinga på e-post: kvhist@gmail.com.
Kvart år har historielaget opent i adventa på Krambua. |
Kvæfjord historielag er på nett
Kvæfjord historielag ønsker å vere litt meir synlig, og vi prøver oss derfor med eigen nettside i blogformat. Her vil vi etterkvart legge ut informasjon om ulike aktivitetar og anna arbeid vi gjer. Vi oppmodar folk til å følgje med på bloggen som vil komme med innlegg med ujamne mellomrom.
Medlemskap: 100 kr per år for hovedmedlem og 50 kr pr år for familiemedlem.
Styret i Kvæfjord historielag.
PS! Viss du ønsker å komme i kontakt med oss, skriv til
kvhist@gmail.com
Styret i Kvæfjord historielag.
PS! Viss du ønsker å komme i kontakt med oss, skriv til
kvhist@gmail.com
Abonner på:
Innlegg (Atom)