23. mars 2016

MØTE 6. APRIL: Okkupasjonstida sett med tysk kamera

Kvæfjord historielag inviterer alle interesserte til

ÅPENT MØTE om
"Okkupasjonstida sett med tysk kamera"
Bremnes grendehus
Onsdag 6. april 2016 kl 1900

Under okkupasjonsåra 1940-1945 var det forlagt tyske soldatar fleire stader i Kvæfjord. Ein av desse stadene var Bremnes.

Kvæfjord historielag har fått tak i eit fotoalbum etter ein av dei tyske underoffiserane som var forlagt på Bremnes i åra 1942-1945.  Bildealbumet viser soldatlivet på Bremnes under desse krigsåra sett med tyske fotoauga.  Bildematerialet omfattar 60-70 bilda, og det gir eit unikt innsyn i livet for dei soldatane som var forlagt her i krigsåra. Vi får sjå ulike sider ved dagliglivet, og her er òg foto som fortel om hus og arbeid i Bremnes-bygda.




Kvæfjord historielag ønsker å presentere desse bilda for alle interesserte. Vi er samtidig svært interessert i å lokalisere fotografia nærmare.

Arne-Johan Johansen vil innleie med bakgrunnsinformasjon om den tyske soldaten som eigde albumet og korleis bilda har "overlevd" til nå.  Vi har også ein avtale med nokon som vil fortelje om krigsåra og ein del av bilda i albumet.

PS!  Fotomøtet vil dreie seg om dette soldatalbumet, men vi tar også mot andre historiske bilde for skanning på møtet.

ENKEL SERVERING (Ta med kaffepengar!)

Med helsing styret i Kvæfjord historielag

Magne Heide (sign), leiar

17. mars 2016

"ÅRBOK FOR KVÆFJORD" 1987 - 2015

Historielaget har framleis på lager dei aller fleste årbøkene for åra 1987 - 2015. Ta kontakt med oss på e-post:
         magneheide@hotmail.com
dersom du ønsker å kjøpe ei eller fleire av desse årbøkene.

Du kan sjå alle 29 årbøkene nedanfor, 1. og 2. side (med innhaldsliste).
(OBS! Viss ikkje alle årbøkene visest med ein gong, må du trykke på "Les mer" nedst på oppslaget.)



Årbok 1, 1987

Årbok 1, 1987

1. mars 2016

1. mars: Årsmøte 2016

Årsmøtet i Kvæfjord historielag blei avvikla tysdag 1. mars med rundt 25 medlemmar til stades.

Fyldig årsmelding og god økonomi


Den fyldige årsmeldinga som blei lagt fram viste at alle tiltaka som blei sett opp på førre årsmøtet var gjennomført. Medlemstalet er også høgare enn det har vore nokon gong, 121 personar er no medlemmar i historielaget.

Rekneskapen viser eit overskott i drifta, men etter avskrivingar på Krambua, er det eit lite underskott. Historielaget har ein god økonomi, og likviditeten er god. Både årsmelding og rekneskap blei godkjent utan merknader.

Nye og gamle i styret


Det var også val på årsmøtet, og etter årsmøtet har styret følgjande samansetting:
Leiar: Magne Heide (attval, 2 år). Styremedlemmar: Geir Hagen (attval, 2 år), Stein Gunnar Moksness (ny, 2 år), Mari Wikeland (ikkje på val, 1 år), Arne-Johan Johansen (ikkje på val, 1 år). Svein-Otto Presthus ønskte ikkje attval og gjekk ut av styret.
Styret i Kvæfjord historielag:
Bak f.v.: Arne-Johan, Geir, Mari og Stein Gunnar
Famføre: Magne