25. november 2015

Årbok 2015 og Kalender 2016 til sals

Årbok 2015 og Kalender 2016 blei presentert på det årlige årboks- og kalendermøtet til historielaget onsdag 25. november.

Årboka for Kvæfjord 2015 ser slik ut på framsida:




Innhaldslista kan du lese her:



Prisen for Årbok 2015 er kr 150.


Den historiske kalenderen for Kvæfjord for 2016 ser slik ut på framsida:


Prisen for Kalender 2016 er kr 80 ved direkte kjøp.


Salsstader

Årboka og kalenderen er til sals:
* Direkte frå Kvæfjord historielag
* I Krambua kvar laurdag i adventa kl 11-14
* I bokhandlar i Harstad
* På Ferjekafeen (Gullesfjordferga)
* På Borkenes kiosk og ein del andre faste utsalsstader

17. november 2015

25. NOVEMBER: Presentasjon av Årbok 2015 og Kalender 2016

Onsdag 25. november 2015 kl. 1900 inviterer Kvæfjord historielag til møte på Rå videregående skoles kantine i Laskenvegen (hovudbygget).

Her vil ”Årbok for Kvæfjord 2015” bli presentert.  Denne gongen er det årgang nr 29 som er klar til sal. Ein av redaktørane, Arne Johan Johansen, vil gje ein presentasjon av årboka. Den andre redaktøren er Gerd B. Salen.

På møtet vil det også bli presentasjon og sal av den tiande utgåva av kalenderen vår, "Kvæfjord – historisk kalender 2016". Redaksjonskomité har vore Geir Hagen, Magne Heide, Per H. Pettersen og Mari Wikeland.  

For medlemmar og faste tingarar kostar årboka kr 150 og kalenderen kr 80.

I tillegg vil vi selje heftet om dei arkeologiske utgravingane på Kveøya i 2008-2009, "Nord-Norges eldste gårdsbosetting" til medlemspris kr 60 (ordinær pris kr 75).

Det vil bli servering og ein liten kaffespleis med kake på møtet!

Vel møtt !!

17. september 2015

"Nord-Norges eldste gård", nytt hefte om Kveøy-utgravingane

Den tidligaste dyrkinga på Kveøya kan ha skjedd i neolitikum (yngre steinalderen, 2500-2300 f.Kr.), men spora etter dette er usikre. Men sikkert er det at det har vore dyrking i eldre bronsealder (1260-1040 f.Kr.), og i yngre bronsealder er det klare indikasjonar på ein fullt utbygd gård. Dette gjer at utgravingane på Kveøya i Troms sannsynligvis har avdekt den eldste gardsbusettinga i Nord-Noreg.

Med dette som bakgrunn har Kvæfjord historielag gitt ut eit hefte med tittelen "Nord-Norges eldste gårdsbosetting: Arkeologiske utgravninger på Hunstadneset på Kveøya 2008-2009".  



9. juni 2015

Historisk mølletur

Kvæfjord historielag la sin årlige lokalhistoriske tur til Mølnbekken som renn ut frå Gåsvatnet og ned i Vikelandselva. Her er det framleis tydelige merke etter tre mølner som stod her, og som folk frå Tennvassåsen brukte når dei skulle male kornet sitt.
Murane etter mølnene er tydelig synlige.


4. juni 2015

9. juni: Lokalhistorisk tur til Mølnbekken ved Gåsvatnet

Kvæfjord historielag sin årlige lokalhistoriske tur vil i år gå til Mølnbekken. Denne bekken/elva renn frå Gåsvatnet og ned mot Vikelandselva. Frå gammalt har det vore fleire mølner i denne bekken/elva, og det er framleis synlige spor etter desse mølnene.
Mølner ved Mølnbekken


"Tingene forteller" på Krambua

Det var mange interesserte som møtte fram da 4. klasse ved Borkenes skole arrangerte "Tingene forteller" på Krambua.





31. mai 2015

3.-4. juni: "Tingene forteller" på Krambua

Borkenes skole arrangerer sin årlige "Tingene forteller ".
Stikk innom Krambua på Borkenes ein av formiddagane for å sjå.
"Tingene forteller" 2013
"Tingene forteller" 2011

28. april 2015

Møte om krigsevakuerte til Kvæfjord

Evakueringslistene viser at det var fleire hundre evakuerte som kom frå Nord-Troms og Finnmark til Kvæfjord det siste krigsåret. Dette var noko av det Arne-Johan Johansen kunne fortelje då han opna Kvæfjord historielag sitt møte 28. april om evakuerte nordfrå.
Arne-Johan Johansen gir eit oversyn over antal evakuerte

16. april 2015

28. april: Åpent møte om evakuerte til Kvæfjord

Kvæfjord historielag inviterer alle interesserte til

ÅPENT MØTE
Evakuerte frå Nord-Troms og Finnmark til Kvæfjord
RÅ VIDEREGÅENDE SKOLE
Kantina, Laskenvegen
TIRSDAG 28. APRIL 2015 KL. 1900

Brenninga av Kirkenes (Foto: no.wikipedia)

26. mars 2015

Vellykka lokalhistorisk fotokveld

Kvæfjord historielag avvikla den årlige fotokvelden sin på Rå videregående skole 26. mars.  Rundt 20 tilhørarar hadde møtt fram, og det blei presentert og fortalt om eit tjuetals bilde frå Kvæfjord. Vi brukte også tid til å sjå på tidligare butikkar, handverkarar og anna arbeidsliv i Kvæfjord. Vi viser her eitt av bilda til Mari Wikeland.

13. mars 2015

Lokalhistorisk fotokveld 26. mars 2015

Kvæfjord historielag inviterer alle interesserte til

LOKALHISTORISK FOTOKVELD
Arbeidsliv, næringsliv, forretningsliv og folk
RÅ VIDEREGÅENDE SKOLE
Kantina, Laskenvegen
TORSDAG 26. MARS 2015 KL. 1900


12. mars 2015

Årsmøte 2015

Kvæfjord historielag heldt årsmøte onsdag 4. mars med godt over 30 frammøtte medlemmar.


Årsmelding 2014

Årsmelding 2014 for Kvæfjord historielag
14. februar 2014 – 4. mars 2015


Innleiing
Kvæfjord historielag har no vore gjennom vårt 28. år sia stiftinga. Laget har eit stort medlemstal. For femte året ligg medlemstalet over 100, og det er aktive medlemmar som enten stiller opp på arrangementa våre eller som bidrar til så vel årboka som kalenderen vår.
         I 2014 var det 117 betalande medlemmar (2013: 97, 2012: 117). Av medlemmane var 33 familiemedlemmar og 3 æresmedlemmar. Ein av æresmedlemmane våre, John Fagerli, gikk bort i meldingsåret. Vi fikk 5 nyinnmeldingar i 2014.
         Økonomien i laget er god.
         Laget har gitt ut årbok og kalender, og det har vore gjennomført ei rekke arrangement, turar og aktivitetar i meldingsåret.

Bli medlem i Kvæfjord historielag

Kvæfjord historielag er ein medlemsorganisasjon. På desse internett-sidene vil du finne opplysningar om aktiviteten vår. Dersom du ønsker å bli medlem, kostar medlemsskapet i 2016 kr 100 (hovudmedlem) og kr 50 (for kvart ekstra familiemedlem).

Medlemskontingenten kan du betale til konto nr 4780.63.51306

Oppgje namn, adresse og e-postadresse på innbetalinga. 

Du kan også sende oss ei melding om innmeldinga på e-post: kvhist@gmail.com.

Kvart år har historielaget opent i adventa på Krambua.

Kvæfjord historielag er på nett

Kvæfjord historielag ønsker å vere litt meir synlig, og vi prøver oss derfor med eigen nettside i blogformat. Her vil vi etterkvart legge ut informasjon om ulike aktivitetar og anna arbeid vi gjer. Vi oppmodar folk til å følgje med på bloggen som vil komme med innlegg med ujamne mellomrom.

Medlemskap: 100 kr per år for hovedmedlem og 50 kr pr år for familiemedlem. 

Styret i Kvæfjord historielag.

PS! Viss du ønsker å komme i kontakt med oss, skriv til
kvhist@gmail.com