4. april 2017

Samisk historie i Kvæfjord

- Vi var ekspertar på å bygge gammer, men det gikk lenge før eg var klar over at dette var ein samisk tradisjon i Gullesfjorden. Dette kunne historikar Tore Einar Johansen, avdelingsleiar ved Trondenes Historiske Senter, fortelje til eit femtitals frammøtte på Kvæfjord historielag sitt møte om samisk historie.

Tore Einar Johansen fortel om samisk historiei Kvæfjord.


- Den samiske historia i Kvæfjord strekker seg tilbake til vikingtid og mellomalder, kunne Tore E Johansen vise. - Kvæfjord hadde på mange vis ei todelt busetting, ei norsk og ei samisk som levde side om side. Dette mønsteret blei ikkje brote før det kom ei kraftig innflytting sørfrå til Gullesfjorden. Først då kom dei inter-etniske ekteskapa, og utover 1800-talet blei dette vanligare.  Slik forsvann det samiske gradvis frå overflata.

Tore E. Johansen kunne òg gje eit innsyn i dei mange bjørnejegerane på Hinnøya med samisk opphav. Ein av dei mest berømte skaut rundt 100 bjørnar på 1800-talet, og han fekk premie for det.

Nina Johansen stilte i sin heimlaga samedrakt, og ho kunne fortelje om familiehistoria si frå Gullesfjorden. – Oldefaren min kom frå Jukkasjärvi, og i 1890 kjøpte han gården Gullholm. Han dreiv med rein her, men då han døde, fann ho oldemor ut at ho måtte slakte reinen og gå over til  sau og geithald.
Nina Johansen

-På kjøkkenet hang kommagan til tørk, men tantene mine blei stadig erta for dette, og derfor fikk mor mi støvlar å bruke, kunne Nina Johansen fortelje. - Oldemora mi gikk i kofte, og eg har sydd meg ei etter mønster frå Skånland. På møtet kunne ho vise fram både denne og kofta etter bestefaren som han blei konfirmert i. – Eg har også tatt opp tradisjonen med å lage belte, kommagband, kurvar av tæger og meir. Så eg har nok å fylle fritida med.

Dei rundt femti frammøtte fikk svar på mange spørsmål om lokal samisk historie, og det kom også fram fleire nye forteljingar, som Kvæfjord historielag lovte å arbeide vidare med.

Referent og foto: Magne Leon Heide

21. februar 2017

Årsmøte og 30-års-markering med æresmedlemskap til Gerd Berit Salen og Arne-Johan Johansen

Kvæfjord historielag heidra to av medlemmane sine med æresdiplom på årsmøtet sitt.  Det var rundt 60 av dei 130 medlemmane som hadde møtt opp for å markere 30 års arbeid med lokalhistorie i Kvæfjord. Dei frammøtte fikk høre Gerd Berit Salen og Arne-Johan Johansen fortelje frå dei første åra, og møtedeltakarane fikk sjå ein bildekavalkade frå ei vel 30-årig lagshistorie.

Arne-Johan Johansen fortel frå oppstarten av historielaget

Bildekavalkade frå 30 års historielagsarbeid
Gerd Berit Salen og Arne-Johan Johansen fikk æresdiplom for over 30 års arbeid i historielaget. Begge var med i det første styret som blei etablert i 1986. Salen har sete i styret i ei årrekke, og ho har i 14 år vore aktiv med å organisere «Tingene forteller» for elevar frå barneskolen på Krambua.
Johansen har vore leiar i 15 år og styremedlem i like mange år. Men ikkje minst så har begge to vore redaktørar for Årbok for Kvæfjord i 30 år. Det er frå før tildelt tre æresdiplom i historielaget
Æresmedlemskap og diplom til Gerd Berit Salen og Arne-Johan Johansen
Årsmeldinga viste at Kvæfjord historielag har vore gjennom eit svært aktivt år. Det har vore stappfulle møte både om andre verdskrig og om den lokale malaren Petter Fredriksen. I tillegg har laget arrangert historisk vandring og hatt open krambu. Laget sel fleire hundre årbøker og kalendrar kvart år, og dette skaffar laget eit lite overskott til drifta.

Styret blei gjenvalt på årsmøtet. Magne Heide er leiar, mens dei øvrige i styret er Geir Hagen, Stein Gunnar Moksness, Mari Wikeland og Arne-Johan Johansen. Styret har sett opp ein arbeidsplan for dette året som viser høg aktivitet framover. Laget skal blant anna gjennomføre ei stadnamn-innsamling som er finansiert av Språkrådet, og det er planlagt både medlemstur og fleire møte utover i året.

Dei første 30 åra til historielaget blei markert med ein middag for rundt 60 påmeldte medlemmar. Det var elevar og lærarar ved Restaurant og matfag på Rå videregående skole som stod for serveringa, og dei blei behørig takka etterpå.
Takk til elevar frå Restaurant og matfag ved Rå vgs
Under 30-årsmarkeringa fortalte Geir Hagen historia om kakeboksane frå Johan C. Fochsen. Dette kjem vi tilbake til med ein artikkel i Årbok for Kvæfjord.
Geir Hagen fortel om kakeboksane frå Johan C. Fochsen.



2. februar 2017

ÅRSMELDING 2016

Kvæfjord historielag har no vore gjennom vårt 30. år sia stiftinga. Laget har eit stort medlemstal. For sjuande året ligg medlemstalet over 100, og det er mange aktive medlemmar som enten stiller opp på arrangementa våre eller som bidrar til så vel årboka som kalenderen vår. 

Økonomien i laget er god.

Laget har gitt ut årbok og kalender, og kort med motiv av Petter Fredriksen. Det har òg vore gjennomført ei rekke arrangement, turar og aktivitetar i meldingsåret.

Her er årsmeldinga 2016:




21. FEBRUAR 2017: ÅRSMØTE OG 30-ÅRSMARKERING

ÅRSMØTE 21. FEBRUAR

Møtetid: tirsdag 21. februar  kl. 18.30
Møtestad: Rå vg skole, Restaurant og matfag (RM), restauranten
Sakliste og årsmelding er sendt ut. 
Haustmøte med presentasjon av årbok 2016 og kalender 2017
30-ÅRSMARKERING 21 FEBRUAR – PÅMELDINGSFRIST 14.2.
Kvæfjord historielag passerte 30 år hausten 2016, og vi vil markere dei første 30 åra med ein hyggelig samankomst for medlemmane i etterkant av årsmøtet.
Temainnslag: Kvæfjord historielag 30 år – tilbakeblikk
Det vil bli servert ein 3-retters middag på RM-bygget på Rå vgs. Kuvertprisen blir kr 200 + drikke.
Vi må ha bindande påmelding, med innbetaling av 200 kr/person seinast tirsdag 14. februar.
Innbetalingsblankett er sendt ut til medlemmane.
Flatbrødbaking på bygdetunet, 1987

MEDLEMSKONTINGENT 2017
Medlemskontingenten er: 
Kr 100 for hovudmedlem
Kr 50 for tilleggsmedlemmar /  øvrige familiemedlemmar. 
Kontingenten kan betalast til lagets konto eller på årsmøtet. 
Innbetalingsblankett er sendt ut til medlemmane.

Kvæfjord kjerke 150 år - bilda

Kjerka fyller år, og dette blir bl.a. markert med eit utvida nr av Menighetsbladet og stoff i Årboka 2017. Vi treng bildestoff frå medlemmane, av dåp, konfirmasjon, bryllup, gravferder, m.m. Send bilda til magneheide@hotmail.com eller kom med originalen, så skannar vi bilda på dagen. FRIST: 1. mars.

Kvæfjord kjerke

26. november 2016

26. november - 17.desember: Krambua er åpen kvar laurdag i adventa

Krambua på Borkenes vil vere open kl. 11-15 kvar laurdag i adventa: 

Kvæfjord historielag - Krambua, fotografert på adventsopninga 26.11.2016

Laurdag 26. november
Laurdag 3. desember
Laurdag 10. desember
Laurdag 17. desember

Alle desse laurdagane kan du hygge deg på Krambua og skaffe deg:
+ årbøker og kalendrar
+ hefte om dei arkeologiske utgravingane på Hundstadneset på Kveøya
+ bildekort med motiv av Petter Fredriksen. 
+ samletilbod på tidligare årbøker og kalendrar. 

Vi har også ei lita utstilling av gamle Kvæfjord-fotografar i Krambua. 
Servering av kaffe og litt julegodt.

25. november 2016

Årbok 2016 og Kalender 2017 til sals

Årbok 2016 og Kalender 2017 blei presentert på det årlige årboks- og kalendermøtet til historielaget onsdag 23. november.

Årboka for Kvæfjord 2016 ser slik ut på framsida:





Sidetalet er i år utvida til 72 sider. Her er over tjue artiklar saman med rundt 150 bilda og andre illustrasjonar. Årboka har også gjennomgåande fargetrykk. Innhaldslista ser du her:


Prisen for Årbok 2016 er kr 175.

Den historiske kalenderen for Kvæfjord for 2017 inneheld 27 bilde og ser slik ut på framsida:

Prisen for Kalender 2017 er kr 80 ved direkte kjøp frå historielaget.

Årboka og kalenderen er til sals:
* Direkte frå Kvæfjord historielag, tlf 97088957 (Magne Heide)
* I Krambua på Borkenes kvar laurdag i adventa kl 11-14

I tillegg har vi også sal fleire andre stader:
* Fergekafeen (Flesnes-Refsnes)
* Viltkroa. Langvassbukta
* Mette-Maris Blomster og Gaver AS, Borkenes (årbok)
* Bokhandlane i Harstad 

23. november 2016

23. november: Stort oppmøte på presentasjonsmøte

Det var rundt 40 personar som hadde møtt fram då Årbok for Kvæfjord 2016 og Kvæfjord Kalender 2017 blei presentert for medlemmane i Kvæfjord historielag.

Gerd Salen presenterer Årbok for Kvæfjord 2016
Sjå også reportasje i Bladet Vesterålen her.