28. april 2015

Møte om krigsevakuerte til Kvæfjord

Evakueringslistene viser at det var fleire hundre evakuerte som kom frå Nord-Troms og Finnmark til Kvæfjord det siste krigsåret. Dette var noko av det Arne-Johan Johansen kunne fortelje då han opna Kvæfjord historielag sitt møte 28. april om evakuerte nordfrå.
Arne-Johan Johansen gir eit oversyn over antal evakuerte

Jermund Johansen fortalte om sine opplevingar med ein stor familie som budde heime hos dei i Ytter-Gåra mens Idar Hunstad fortalte om opplevingane som ung saman med evakuerte det siste krigsåret på Kveøya.

Idar Hunstad fortel om evakuerte på Kveøya
Det opne møtet var godt besøkt, og dei rundt 50 frammøtte fikk høre fleire historier frå Kvæfjord. Det handla om triste historier som den evakuerte som døydde på Flesnes dagen etter frigjeringa eller den dottera som blei unnfanga i Kvæfjord, fødd i Nord-Troms, og som takka vere undersøkingar i forkant av møtet, no kjem på besøk att til Kvæfjord. Bilda viste også at fleire kvæfjerdignar var aktive i gjenoppbygginga i nordfylket etter krigen. Og det blei sendt med både mat, klede, senger og kyr når dei evakuerte skulle reise heim.

Dei mange historiene som blei servert på møtet vil bli følgt opp i Årbok for Kvæfjord i år. Viss du lurer på kven som var evakuert, kan kanskje ein kopi av utbetalingslister frå mai 1945 sette deg på sporet. Kvæfjord historielag tar gjerne mot opplysningar både om dei evakuerte og dei som hadde evakuerte buande heime hos seg.


Evakueringslister






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Skriv gjerne ein kommentar under fullt namn som vi vil vurdere for publisering.