Tett på 100 personar møtte fram til opninga av kunstutstillinga av Petter Fredriksen (1916-1998)
sine maleri, teikningar og skisser på Fårebygget Galleri laurdag 21. mai.
Opningarrangement
På opningsdagen deltok Nora Berg Markussen og Vilde Øyen Karlsen med song og musikk, og dei viste at det gror godt i dagens kulturliv i Kvæfjord.Nora Berg Markussen og Vilde Øyen Karlsen |
Torunn Nilssen (t.h.) og Marianne Sletten |
Magne
Heide overrekte blomster til alle desse som hadde bidratt, og Hildur Fredriksen
fekk også takk frå historielaget for stor velvilje med å bidra til å realisere utstillinga.
Arne-Johan Johansen og Hildur Fredriksen |
Arne-Johan Johansen fortalte om arbeidet som han hadde lagt ned dei siste to-tre åra med å skrive om Petter Fredriksen (Årboka 2014) og arbeidet fram mot å realisere denne utstillinga.
Godt besøk i opningstida
Utstillinga som har vore open over to helger, har hatt eit godt besøk. Til saman har rundt 300-400 personar besøkt denne utstillinga dei fire dagane ho har vore open.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Skriv gjerne ein kommentar under fullt namn som vi vil vurdere for publisering.