Det var godt over tjue svært interesserte personar som hadde møtt fram til fototreffet som Kvæfjord historielag arrangerte i Langvassbukta.
Arne Johan Johansen opna med å gå gjennom eit bildemateriale som Steinar Kristiansen hadde overlate til historielaget. Dei fleste bilda var tatt rundt 1950-51 av Johan Kristiansen, og Arne Johan losa tilhørarane rundt Gullesfjorden. Samtidig fekk dei frammøtte også komme med tilleggsopplysningar om dette verdifulle bildematerialet.
|
Arne Johan Johansen fortel om Johan Kristiansens bilde |
Fleire av dei frammøte hadde tatt med seg bilde som blei skanna og vist til forsamlinga. Det kom også verdifulle opplysningar om desse bilda.
|
Bilde utlånt av Ivar Botn |
|
Bilde utlånt av Nina Ellingsve |
|
Bilde utlånt av Roald Gullholm |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Skriv gjerne ein kommentar under fullt namn som vi vil vurdere for publisering.