Kvæfjord idrettslag fyller 100 år i 2019, og i samband med dette tok Kvæfjord idrettslag opp temaet idrettshistorie på fotomøtet sitt.
|
Vikelandsbakken som stod ferdig til Hovedlandsrenent i 1949, var eit kjempeløft for Kvæfjord idrettslag. Foto utlånt av Jermund Johansen. |
Geir Hagen presenterte eit utval bilde frå ulike sider ved idrettslaget: turn, ski og fotball har vore viktige idrettsgreiner, men friidrett og seinare handball har også vore på programmet.
|
Handball kom til som idrettsgrein på slutten av 1960-talet. Foto utlånt av Asbjørn Hessen. |
Kvæfjord idrettslag er i sving for å samle inn opplysningar om historia si, og i samband med det er idrettslaget og historielaget svært interessert i å få inn fleire idrettslige bilda. Fotomøtet var ein viktig start, men her finst heilt sikkert skjulte bildeskattar i skuffer og skap hos mange.
|
Kvæfjord historielag hjelper gjerne til med å skanne bilda med idrettsmotiv. |
Tekst og bilde: Magne Leon Heide
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Skriv gjerne ein kommentar under fullt namn som vi vil vurdere for publisering.