6. april 2016

Fullsett møte om okkupasjonstida

Kvæfjord historielag sitt møte med tyske foto frå Bremnes i okkupasjonstida (1941-1945) skapte nesten kul på Bremnes grendehus. Over 80 tilhørarar hadde møtt fram for å sjå på bilda frå okkupasjonstida og høre fortellingar frå denne tida.


Arne-Johan Johansen innleidde med å fortelje litt om bakgrunnen til fotoa. Fotoalbumet har tilhørt Johannes (Hans) Hecht som var stasjonert på Bremnes, der han gjorde tjeneste i Hærens kystartilleriregiment frå 21. mars 1941 til 8. mai 1945.  Hans hadde ikkje fotoapparat sjølv, så dette er tydeligvis bilde som andre har tatt, og så har Hans fått sine kopiar. Hans var født i Pfaffenreuth Bayern ikkje så langt frå grensa mot Tsjekkia (da: Tsjekkoslovakia). Etter krigen gifta Hans seg og busette seg i Münchenreuth som ligg 40 km lenger nord i Bayern, kloss opp til grensa mot Tsjekkia.


Arne Johan Johansen innleidde om det tyske fotoalbumet
Hans var innlosjert hos Margot på Bremnes, og han hadde brevkontakt med henne lenge etter krigen, men han reiste ikkje tilbake. Hans døde i 2005. Sonen og sonesonen besøkte Bremnes i 2011, og då kom dei i kontakt med etterkommarar etter Margot.


Foto frå krigen

Først nokon bilde frå fotoalbumet:




Tyske offiserar inspiserer ei av dei fire kanonstillingane på Bremnes.
Lenger ned ser vi gården som Margot budde på.
Ammunisjon og granatar blir bore opp til ei av kanonstillingane.


Mat frå eige feltkjøkken.
Matservering utafor soldatbrakka ytst på Bremnes.
Livet måtte gå sin vanlige gang på Bremnes.
Her er slåttonna i gang.

Foto frå møtet

Her kjem nokon glimt frå sjølve møtet:


Asle Bjørbakk var den første som møtte tyskarar på visitt til Bremnes i 2011
Her fortel han til eit fullsett grendehus

Erling haugen fortalte om krigstida på Aspenes

Jacob Haugen fortalte om sjølvopplevde episodar frå krigstida på Aspenes

Jermund Johansen fortalte historier som han hadde hørt om krigstida på Bremnes

Oppfølging

Det kom inn svært mykje informasjon frå møtelyde på Bremnes, og Kvæfjord historielag vil arbeide vidare med dette bildematerialet og anna stoff frå krigsåra 1940-45. Ta gjerne kontakt med historielaget dersom du har noko du gjerne vil formidle vidare. Vi tar imot alle opplysningar, småe som store.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Skriv gjerne ein kommentar under fullt namn som vi vil vurdere for publisering.