8. august 2018

19. august: Lokalhistorisk tur til Blomåsen

Kvæfjord historielag sin årlige lokalhistoriske tur vil i år gå til Blomåsen, med start kl 1100. Dette området er eit utmarks- og slåtte-område for gårdane i Gåra med gamle slåtte-enger og løer og sommarfjøsar.

Parkering: Kjør RV83 opp på Kvæfjordeidet.  Parkering er på den nye parkeringsplassen på eidet.

Vi startar ved parkeringsplassen og får ein tur med lokal guide 2 km til vegs ende langs utmarksvegen. Det er også mogeleg å avtale kjøring langs denne utmarksvegen.

Vi avsluttar med kaffebål.

Vi gjer merksam på at turen går på eige ansvar. Turdeltakarane må kle seg etter vêret.  Sjølve turen er berre 2 km ein veg, og retur, og vi bereknar eit par timar på dette arrangementet.

Vel møtt!

Med helsing styret i Kvæfjord historielag

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Skriv gjerne ein kommentar under fullt namn som vi vil vurdere for publisering.