19. august 2018

BLOMÅSEN: stort utmarkområde

Årets historiske tur gikk til Blomåsen på Kvæfjordeidet 19. august. Dette området blei regulert rundt 1905, og gårdeigarane i Nord-Gåra (Ytter-Gåra) fikk kvar sin teig. Deretter kunne dei starte eit oppdyrkingsprojekt som gav gårdeigarane etterlengta slåttemark.

Jostein Johansen (bildet) var lokalkjent guide i Blomåsen. Han kunne vise til fleire kulturminne i området, og fortalte om oppdyrking og fine seinsommardagar her.

I dag blir området i Blomåsen brukt både som beiteområde for kyr og som slåttemark.

Det er bygd små hytter på dei fleste eigedommane. Mykje av materialen kom frå gjenreisingsleiren på Trondenes, og blei bygd opp her like eter 2. evrdskrig. Nokre hytter er eldre. Hyttene blei brukt i slåttetida, og det var også fleire av deltakarane som hadde gode minne frå hytte-turar her i påsketider.


Dei fleste hadde også ein eigen sommarfjøs i Blomåsen der kyrne blei mjølka sommarstid. Denne er bygd av "ferdigimpregnert" materiale etter eit skipsforlis.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Skriv gjerne ein kommentar under fullt namn som vi vil vurdere for publisering.