27. september 2018

Møte på Flesnes 17. oktober: "Gullesfjorden. Samisk knutepunkt - samisk kjerneområde"

Kvæfjord historielag inviterer til opent møte ONSDAG 17. OKTOBER kl. 1900 på ungdomshuset "Molund", Flesnes.
(Ferge frå Refsnes kl 1800, retur kl 2130.)

Johan Borgos vil fortelle om temaet "Gullesfjorden. Samisk knutepunkt - samisk kjerneområde".
Johan Borgos.
Foto: Kvæfjord historielag
Borgos har skrive nærmare tretti artiklar i årbøker og tidsskrift om den samiske historia i regionen, og han har halde ei rekke foredrag om emnet. No arbeider han med eit bokprosjekt om ”Samar ved storhavet”, som handlar om samane vest for Tjeldsundet.

På dette møtet vil Johan Borgos følgje den samiske busettinga i Gullesfjorden frå mellomalderen og fram til i dag. Han vil legge fram mykje ukjent historisk materiale. Det vil også vere høve til å stille spørsmål. 

Salg av kaffe og kaffemat


Arrangør: Kvæfjord historielag (i samarbeid med Ul. Samhold) 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Skriv gjerne ein kommentar under fullt namn som vi vil vurdere for publisering.