17. oktober 2018

FULLT OM "SAMISK HISTORIE I GULLESFJORDEN"

Det var "stinn brakke" under Kvæfjord historielag sitt møte på Flesnes om samisk historie i Gullesfjorden.

Historikar Johan Borgos fortalte om den samiske historia i området frå 1600 og fram til 1800, med trådar opp til dagens samfunn.  Borgos kunne vise til eit deltaljrikt primærmateriale henta frå Riksarkivet, som han har arbeidd grundig med.

Johan Borgos hadde eit fullsett ungdomshus på Flesnes

Eit par gløtt frå foredraget

Johan Borgos plasserte den samiske og norske busettinga i Gullesfjorden i høve til kvarandre:
Samisk og norsk busetting i Gullesfjorden og Austerfjorden 1600-1800

Johan Borgos viste også samanhengen mellom den samiske busettinga i Gullesfjorden og resten av Vesterålen:

Samiske buplassar 1600-1800
Vesterålen og Hinnøya
Borgos kunne også vise til eit rikt kjeldemateriale, blant anna skifteprotokollar med samiske skifte:
Skifte 1762 etter Nils Pedersen, Kjengsnes
Ul Samhold stod for god servering under møtet, og Johan Borgos fekk som takk overrekt alle årbøkene frå Kvæfjord historielag, slik at han skulle få eit best mogeleg grunnlag til å finne aktuelt stoff om samar i Kvæfjord.
Magne Leon Heide overrekker alle utkomne årbøker for Kvæfjord som takk til Johan Borgos,
og med ønske om framleis godt arbeid med samisk historie i Kvæfjord.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Skriv gjerne ein kommentar under fullt namn som vi vil vurdere for publisering.