12. mars 2015

Årsmøte 2015

Kvæfjord historielag heldt årsmøte onsdag 4. mars med godt over 30 frammøtte medlemmar.


Årsmelding og rekneskap

Årsmelding og rekneskap for 2014 blei lagt fram og godkjent. Historielaget har 117 medlemmar og ein stabil økonomi.

Val, styre

Etter årsmøtet har historielaget dette styret: Magne Leon Heide, leiar (ikkje på val), Svein-Otto Presthus (ikkje på val), Geir Hagen (ikkje på val), Arne-Johan Johansen (gjenvalt), Mari Wikeland (ny).

Varamedlemmar til styret (for eitt år) er: Asle Berntsen, Helge Størkersen og Robert Nygård.

Arbeidsplan 2015

På årsmøtet blei følgjande arbeidsplan for 2015 drøfta:
1) Arbeid med Årbok 2015
2) Arbeid med Kalender 2016
3) Arbeid med Krambua
4) Mars: Fotomøte
5) April: Temamøte om evakuerte i Kvæfjord
6) Juni: ”Tingene forteller
7) Juni-august: Historielagstur(ar)
8) August-september: Presentasjon av hefte om Kveøy-utgravingane
9) November: Årbok- og kalender-slepp
10) November-desember: Krambu-opent og sal av årbøker, kalendrar
11) Februar 2016: Årsmøte

"Utværan i Andfjorden"

Årsmøtet blei avslutta med eit kåseri av Svein Torgersen om "Utværan i Andfjorden" .

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Skriv gjerne ein kommentar under fullt namn som vi vil vurdere for publisering.