1. august 2016

Petter malar i "Lokalhistorisk Magasin"

Petter Fredriksen har fått ein fyldig omtale i siste nummer av "Lokalhistorisk Magasin".

Arne-Johan Johansen har skrive tre fyldige sider om "Petter malar - Kvæfjords ukjente kunstner", som er rikt illustrert med teikningar, skisser og maleri.

"Lokalhistorisk Magasin" blir gitt ut av Landslaget for lokalhistorie, og det blir distribuert til alle lokale historielag som er medlemmar i Landslaget.


15. juni 2016

Historisk vandring på Vikeland og Inner-Gåra

Det var godt oppmøte då Kvæfjord historielag arrangerte historisk vandring på Vikeland og Inner-Gåra i Kvæfjord.

Mari Wikeland fortel om gården
Knut E- Høiby viser ei innskrift frå 1890 på eit panelbord
Nesten 40 personar fikk høre Mari Wikeland og Knut Erik Høiby fortelje om gardsbruket sitt på Vikeland. Dei siste 20 åra har dei restaurert både hovudhus, stabbur og naust, og dei historiske vandrarane fikk ei grundig orientering både om historia til gardsbruket og fikk også sjå resultata av det nøysame restaureringsarbeidet. Hovudhuset er bygd rundt 1890, mens stabburet og naustet er av ukjent alder, men trulig mykje eldre. Dei to andre hovudbruka på Vikeland er frå omtrent same tidsrom, og saman dannar desse tre bruka eit fint gårdsmiljø.


Knut E. Høiby fortel om den møysommelige restaureringa av fembøringsnaustet.

Frå Vikelands-gården gjekk turen vidare til den gamle Vikelandsbrua, som er ei steinkvelvingsbru som stod ferdig i 1900.

Ingvald Stensen fortel om møller og stamper ved Vikelandselva
Vikelandselva har vore brukt til mølledrift og stamping, og Ingvald Stensen tok turfolket med til nedste delen av elva, og viste fram fire-fem konstruksjonar som vitna om aktiv bruk av Vikelandselva til maling av korn og stamping (bearbeiding) av tøy og skinn.

Kaffe i fjøsen til Ingvald og Helga A. Stensen
Den historiske turen blei avslutta i fjøsen til Ingvald og Helga A. Stensen der det blei servert kaffe. kaker og gode historiske fortellingar. Ein av dei som bidrog var Ole Martin Kristiansen som er fødd og oppvaksen ved Vikelandselva.

Ole Martin Kristiansen fortel om Vikelandselva og området rundt.

2. juni 2016

15. juni: Lokalhistorisk vandring på Vikeland

Kvæfjord historielag sin årlige lokalhistoriske tur vil i år gå til Vikeland (og litt av Inner-Gåra). Oppmøte kl 1800.

Vikeland


Vikeland er ein gammal gård, og på gårdsbruka her finn vi særmerkte naust, fjøs, stabbur og bustadhus som vi skal sjå på. Vi skal også sjå på området rundt Vikelandselva med si spesielle bru og tidligare mølner.
 
Vikeland

Turområdet

Vi startar på gården hos Mari Wikeland og Knut Erik Høiby. Her vil vi sjå på bl.a. stabbur og naust. Vi skal gå gjennom Vikelands-gården og sjå på gårdsbruka. Vi vandrar over Vikelandselva og tar både brua og området rundt i augesyn.
Brua over Vikelandsevla
Turen blir avslutta på Inner-Gåra-sida av elva, på gården til Ingvald og Helga A. Stensen. Her vil det bli servert litt kaffe og kaker, rundt ein hyggelig prat.

Parkering


Det er mulig å parkere på oversida av vegen hos Mari Wikeland og Knut Erik Høiby, og hos Ingvald og Helga A. Stensen. Vi oppfordrar folk til å kjøre i lag, sia det er begrensa med parkeringsplassar (men plass nok til alle). Løypa vi skal gå er lett langsetter hovudvegen, men det kan hende at vi går heilt ned i fjæra også.

Vi gjer merksam på at turen går på eige ansvar. Turdeltakarane må kle seg etter vêret. Vi bereknar eit par timar på dette arrangementet.

Vel møtt!

2. juni: "Tingene forteller" på Krambua

Torsdag 2. juni arrangerte 4. klasse ved Borkenes skole "Tingene forteller" på Krambua. Skoleelevane viste gamle gjenstandar og fortalte også om desse til dei frammøtte.
Både ordførar og rådmann besøkte elevane på Krambua.

Det er 16. gong at Borkenes skole og Kvæfjord historielag samarbeider om dette arrangementet.

29. mai 2016

21.-29. mai: Rekordstort frammøte på kunstutstilling

Tett på 100 personar møtte fram til opninga av kunstutstillinga av Petter Fredriksen (1916-1998) sine maleri, teikningar og skisser på Fårebygget Galleri laurdag 21. mai.



14. mai 2016

21. mai: Utstilling, bilder av maleren Petter Fredriksen

I "Årbok for Kvæfjord 2014" hadde vi en artikkel om maleren Petter Fredriksen. Vi fikk da tilgang til å se den store billedsamlinga som finnes etter han, bilder som aldri har vært vist offentlig. I samarbeid med Petters enke, Hildur Fredriksen og to gode hjelpere fra Harstad kunstforening, har Kvæfjord historielag nå alt klart for utstilling. Dette vil være en historisk begivenhet som vi er stolte og glade over å ha fått til. Utstillingen viser en stor del av Petters bilder, med en spennvidde over mange teknikker og kunstneriske uttrykk.

Utstillingen finner sted på Fårebygget Galleri (Bergsvegen 56, Borkenes) og åpner lørdag 21. mai klokka 13.00. 

Utstillingen er åpen fra 13.00 til 16.00 i to helger, lørdag 21. mai, søndag 22. mai, lørdag 28. mai og søndag 29. mai. Det vil være en kafékrok med kaffe og småkaker.



6. april 2016

Fullsett møte om okkupasjonstida

Kvæfjord historielag sitt møte med tyske foto frå Bremnes i okkupasjonstida (1941-1945) skapte nesten kul på Bremnes grendehus. Over 80 tilhørarar hadde møtt fram for å sjå på bilda frå okkupasjonstida og høre fortellingar frå denne tida.


Arne-Johan Johansen innleidde med å fortelje litt om bakgrunnen til fotoa. Fotoalbumet har tilhørt Johannes (Hans) Hecht som var stasjonert på Bremnes, der han gjorde tjeneste i Hærens kystartilleriregiment frå 21. mars 1941 til 8. mai 1945.  Hans hadde ikkje fotoapparat sjølv, så dette er tydeligvis bilde som andre har tatt, og så har Hans fått sine kopiar. Hans var født i Pfaffenreuth Bayern ikkje så langt frå grensa mot Tsjekkia (da: Tsjekkoslovakia). Etter krigen gifta Hans seg og busette seg i Münchenreuth som ligg 40 km lenger nord i Bayern, kloss opp til grensa mot Tsjekkia.


Arne Johan Johansen innleidde om det tyske fotoalbumet
Hans var innlosjert hos Margot på Bremnes, og han hadde brevkontakt med henne lenge etter krigen, men han reiste ikkje tilbake. Hans døde i 2005. Sonen og sonesonen besøkte Bremnes i 2011, og då kom dei i kontakt med etterkommarar etter Margot.


Foto frå krigen

Først nokon bilde frå fotoalbumet: